Etter fleire år med skitkasting i media har no dei nye eigarane på Zachariasbryggen stramma grepet. I den nye kontrakten som no har gått ut til leigetakarane i restauranthuset i Bergen går det fram at dei risikerer ei bot på ein million kroner, viss dei uttalar seg til media:

«Leietakers lovlige representanter (styrets medlemmer, lovlige representanter for aksjonærene samt daglig leder) forplikter seg til ikke å uttale seg til media, uten avtale med utleier. Forsettlig brudd på denne bestemmelse vil for leietaker medføre et erstatningsansvar («penalty«) overfor utleier på NOK 1.000.000,-».

Kan vere ulovleg

Eigedomsbaronane Geir Hove og Tom Rune Pedersen har no teke over bygget, etter at tidlegare huseigar Knut Jørgen Hauge gjekk konkurs. Dei viser til sin advokat, Sam E. Harris når det gjeld vilkåra i leigeavtalen. I ein e-post forklarar Harris presseparagrafen slik:

«Det har vært mye uro og mange tilspissede situasjoner i tilknytning til Zachariasbryggen, med mange utfall og grunnløs kritikk mot de som nå er på utleiersiden. Formålet med klausulene er å bidra til ro ved at også utleier skal være informert om spørsmål som måtte komme.»

— Eg vil definitivt seie at dette er uvanleg. Partar kan ha eit visst behov for å løyse saker utan å trekkje dei inn i media, men å setje ei slik veldig bot synest eg er urimeleg, seier Hans Fredrik Marthinussen, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han meiner det høge beløpet kan bli råka av paragraf 36 om urimelege avtalar og avtalevilkår i avtalelova.

- Ufint pressmiddel

Advokat Harris skriv, kanskje noko overraskande, at det ikkje er meininga at bota skal betalast:

«Beløpet som er satt i kontrakten er veldig høyt, men poenget er selvsagt ikke at et slikt beløp skal betales, men at det skal bli ro.»

— Men kvifor står det der då? Då handlar det berre om å skremme, og eg synest det er eit ufint pressmiddel som sanksjon på ein avtaleklausul som elles ser relativt fornuftig ut, seier professor Marthinussen, og viser til at det er vanleg at partar i slike kontraktar avtalar at dei skal snakke saman før nokon går ut i media.

- Arv frå førre eigar

Geir Hove seier i ein SMS at avtalen på Zachariasbryggen er«svært forskjellig fra de leieavtalene vi benytter, og vi har aldri tidligere inkludert en«presse klausul» eller bøter for negativ informasjon til pressen».

Ifølgje Hove gjeld det alle selskap han og Tom Rune Pedersen eig, heilt eller delvis.

Advokat Harris seier òg at«presseparagrafen» stammar frå ei leigekontrakt førre eigar, altså Knut Jørgen Hauge, var i ferd med å forhandle fram med Utsikten Restaurantdrift. Her er dagleg leiar og medeigar Tom Greni, som har hatt ei rekkje medieutspel mot Hauge.

Greni har følgjande, knappe SMS-kommentar, når vi ber han om å kommentere den nye leigekontrakten:

«Vil (forståelig nok) ikke snakke om zachen».

Av dei andre leigetakarane lykkast det BT laurdag berre å få kontakt med Frode Hølland i Bodega Drift, som driv utestadene Taket og Lille Zachen. Han meiner presse-klausulen er uproblematisk.

— Vi er uansett berre interessert i å få positiv publisitet om bygget, seier han.

GIR MUNNKORG: Zachen-eigarane Geir Hove og Tom Rune Pedersen har sikra seg at dei ikkje skal få noko offentleg kritikk frå leigetakarane sine.
Arkiv