Vogntoget var på veg nedover Strynefjellet, då sjåføren stogga i vegbana for å leggje på kjettingar.

Mannen kom i klem mellom vogntoget han førde og ein passerande personbil som ikkje klarte å stogge i tide.

– Mannen blei sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet klokka 14 i dag. Strynefjellet blei stengt på grunn av ulukka.