Lyskasser skal ikkje godkjennast, heiter det i nye vedtekter som skal gjelda frå 1. januar.

Derimot kan skilta lysast opp frå utsida, og det blir lov å lysa opp veggen bak eit skilt for å framheva bokstavane. Berre skilt med enkeltbokstavar kan ha «innebygt» lys.

Dermed må mange nye skilt fjernast, medan skilt for ein kafé som har vore stengt i årevis, kan bli ståande.

Ser til Vik

Føredømet er nabobygda Vik i Sogn, der firmanamn og logoar er måla direkte på husveggen. Men Voss har flest murhus i sentrum, og fleire av dei har baldakinar med underhengande skilt, skilt som lett kjem i strid med Vik-regelen om uthengsskilt maksimalt ein meter ut frå veggen.

Fleire næringsdrivande har overfor Bergens Tidende uttrykt irritasjon over at lokalpolitikarane har kopiert vedtekter frå nabokommunen utan turvande tilpassing til lokale tilhøve i eiga bygd.

Kommunestyret har bestemt at alle eksisterande skilt no misser den godkjenninga dei måtte ha. Difor må det sendast ny søknad om alle skilt, og kommunen skal ha betaling for å seia ja eller nei. For skiltsøknader levert før årsskiftet, vert det likevel ikkje kravt sakshandsamingsgebyr.

Langvarig strid

Bakgrunnen er opprustinga av Vangsgata for mange millionar kroner, og langvarig strid med huseigarane om kostnadsfordeling. Kommunen finn det no turvande med opprydding på fasadane. Dei vil først og fremst fjerna heildekkjande reklame i butikkvindaugo til Spar og ICA, men må dermed laga vedtekter for heile kommunen, og som også råkar reklameskilt. Til dømes kan Narvesen reklamera for kiosken sin, men ikkje for Norsk Tipping.

Dermed er ein ny strid undervegs, før vêret har skikkeleg lagt seg etter den førre. Den byrja med graving i Vangsgata under julehandelen då kjøpesenteret Amfi vart opna i Haugamoen.

Arne Hofseth