Målungdommen heldt sitt 48. landsmøte i helga. Sidan Vangen skule var møtestad kunne ikkje landsmøtetalaren, statsråd Heidi Grande Røys, dy seg for å nemna tidenes Donald Duck-historie i Noreg. «Eggmysteriet» stod på trykk i april 1963 og er soga om det vossamålsnakkande firkantfolket i Gufsedalen, der hønene verpa firkanta egg.

Språkreir

Landsmøtet nytta høvet til å oppmoda Voss kommune om å skipa ein nynorsk språkreirbarnehage.

Dette er ein barnehage som berre nyttar nynorsk og dialekt i song, forteljing, høgtlesing og skriftlege samanhengar.

Dersom born vert vane med nynorsken frå byrjinga av, vil det ha positive verknader både for haldningar, språkleg og lokal sjølvkjensle, og ikkje minst føresetnadene for å kunna læra seg nynorsk godt, meiner målungdommen.

Nynorsk til Vossaungane

Gjennom heile oppveksten vert born og unge over heile landet bombarderte med bokmål, både i tale og skrift, frå alle kantar. Frå borna er gamle nok til å sjå på barne-TV vert dei utsette for eit bokmålsvelde som ikkje berre tyner dialektane, men som òg hindrar borna i å koma i kontakt med nynorsken, sjølv i område der nynorsken står sterkt, heiter det i fråsegna.

Ustøe

At nynorskelevar sjeldan får sjå nynorsken andre stader enn i norskboka, fører til at dei lett vert ustøe i hovudmålet sitt.

Dette fører igjen til at kring kvar tredje nynorskelev byter til bokmål i laupet av vidaregåande opplæring, og er til hinder for å kunna velja fritt mellom bokmål og nynorsk, uttalar landsmøtet.

DAGLEG LEIAR FRÅ SUNNFJORD: Janne Nygård frå Vassenden i Jølster vart valt til ny skrivar i Norsk Målungdom under landsmøtet på Voss, og blir dermed dagleg leiar av organisasjonen.
Arne Hofseth