Det vil medverka til auka lokal innverknad på forvaltinga og gje ei betre tilpassing til dei regionale utfordringane. Kvart fylke bør i prinsippet ha lik representasjon i rovviltnemndene, heiter det i fylkesutvalet si fråsegn til Miljøverndepartementet i denne saka.

Fylkesutvalet meiner inndelinga i forvaltingsregionar må ta omsyn til allereie etablerte regionale inndelingar og styringsnivå. På Vestlandet vil det seia Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, som er medlemsfylka i Vestlandsrådet.

Miljøverndepartementet har gjort framlegg om at Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal utgjera ein region.