– Det er litt av ei tillitserklæring. Folk har sett at vi har stått på, seier Njåstad. Han meiner samarbeidet med Sp og KrF har vore så godt at det ikkje er nokon grunn til å forhaste seg.

– Vi har ikkje gjort nokre konkrete avtalar. Vi treng berre ei stemme, så vi har god tid, seier Njåstad. Han seier han no er mest spent på om han framleis vil vere landets yngste ordførar.

– Men uansett blir eg landets yngste attvalde ordførar.