Ein søndag føremiddag i 2009 høyrer Jorun Stavenes Jacobsen at mannen Willy Roger roper: «No besvimer eg.» Så høyrer ho han dundre i bakken. Klokka er 12.31, og hjartet hans har stoppa.

Nesten fem år seinare står han her, rett ved sida av henne, i lys, levande live. På mange vis har Willy Roger Jacobsen det betre enn før, og han er i arbeid som eigar av bedrifta Vossakjøt.

Det er på høg tid å gjere litt stas på alle saman

Willy Roger Jacobsen

Det er mange å takke: Kona, ein nabo, ambulansepersonell, legar og ein treningsinstruktør, for å nemne nokre. No har han samla mange av dei til ein middag hos Luftambulansen. Sjølvsagt med pinnekjøt frå eiga bedrift.

— Det er på høg tid å gjere litt stas på alle saman. Det er organisasjonar her som gjer ein fantastisk innsats, og som har gitt meg livet tilbake, seier Jacobsen.

DAGBOK: Dette biletet tok sjukepleiarane av Willy Roger Jacobsen medan han låg i respirator. Sjukepleiarane skreiv også dagbok til han medan han låg medvitslaus, så han skulle få vite kva han hadde vore gjennom då han vakna.
PRIVAT

Sliten etter trening

Kona skulle eigentleg ikkje vere heime, denne søndagen i 2009. Ho skulle på tur med barnebarnet Malene, men jenta ville heller hoppe på naboen si trampoline.

Difor er Jorun Stavenes Jacobsen på kjøkkenet heime i Fana då mannen kjem tilbake frå trening. Han er sliten, meir enn normalt.

— Eg sa at han måtte dusje, og så leggje seg nedpå. Vanlegvis høyrer han ikkje på meg, men denne gongen gjorde han det.

Ho er framleis på kjøkkenet då hjartet hans stoppar.

Knekkjer ribbein

Kona kan gi førstehjelp, og handlar med ein gong. Ho legg mannen i stabilt sideleie, og flyr på sokkelesten til naboen Geir Mjelde for å skaffe hjelp. Også han har tatt førstehjelpskurs. Dei klipper kleda av mannen, ringjer 113, og startar hjarte- og lungeredning.

— Eg sette meg overskrevs på Willy Roger, og begynte å gi kompresjonar. Etter ei tid reagerte han med hosting og harking, men ingen regelmessig pust, fortel Mjelde.

TAKKSAM: - Eg har ingen andre ord enn takknemlegheit for at dei som jobbar her har den kunnskapen dei har, og utset seg sjølv for så mykje som dei gjer, seier Willy Roger Jacobsen. Då Jacobsen fekk hjartestans var legen frå Luftambulansen den som til slutt fekk liv i han igjen.
Roar Christiansen
LANG ERFARING: Redningsmann Lasse Fossedal (til h.) har jobba 26 år i Luftambulansen, og har truleg vore med på mellom 1200 og 1300 utrykkingar til hjartestans. Ein av dei var til Søreidgrend i Bergen, til Willy Roger Jacobsen. Seksjonsoverlege Guttorm Brattebø var ikkje med den gongen, men har også lang erfaring med slike redningsoperasjonar. - Sjølv om mange som får hjartestans døyr, er det bra å vite at dei fleste som overlever, som regel kjem tilbake til sitt gamle funksjonsnivå, seier Brattebø.
Roar Christiansen
GÅVE: Då Willy Roger Jacobsen vart utskriven frå sjukehuset etter hjartestansen, ville han gjerne gi kona noko som takk for at ho redda livet hans. Det einaste ho ville ha var ein hund. Willy Roger Jacobsen var skeptisk, men berre vel ein månad etter han var utskriven flaug han til Stavanger og henta Mira.
Roar Christiansen

Fleire ribbein knekk under gjenopplivingsforsøket.

— Eg anar ikkje korleis eg klarte det, men eg hugsar det føltest som om det var ein jobb eg gjorde. Og eg tenkte ikkje på at det var mannen min som låg der, seier Jorun Stavenes Jacobsen.

Sju elektrosjokk

12.45 kjem to ambulansar. Ti minutt seinare kjem overlege Bjarne Vikenes flygande med Luftambulansen. Helikopteret er på veg frå eit anna oppdrag då mannskapet får melding om ein hjartestans på Søreide.

Inne i heimen har redningsmennene allereie gitt fleire elektriske sjokk og adrenalin. Vikenes gir endå fleire medisinar, og klokka 13.09, etter 38 minutt og sju elektrosjokk, tek hjartet til Willy Roger Jacobsen til å slå igjen.

— Hadde nokon før dette slutta å hjelpe han, ville han ha døydd, seier Vikenes i dag.

«Et mirakel«

Willy Roger Jacobsen blir operert, nedkjølt og lagt i respirator. På eit venterom på sjukehuset sit Jorun Stavenes Jacobsen tenkjer på kva songar som kan passe i gravferda. Ho tenkjer at om mannen overlever, må ho besøkje han på sjukeheim.

Men slik går det ikkje.

Ho fører ein journal over korleis det går med mannen, dag for dag. Fire dagar etter han vart innlagd, skriv ho: «Jeg kommer inn til ham, ligger fortsatt med respirator. Ser på meg og smiler, og sier: 'Det var nummeret før du ble enke.' Er kjapp med replikken. Dette er bare et MIRAKEL.«

Redda Vossakjøt

Noko av det første Willy Roger Jacobsen får beskjed om då han vaknar, er at han kan gløyme alt han har drive på med. Livet vil ikkje bli det same.

Han sel seg ut av selskapet han eig, men berre tre og eit halvt år seinare kjøper han Vossakjøt.

Då han overtek i 2012 er økonomien så dårleg at også Vossakjøt er døden nær. Eitt år etter lever den i beste velgåande. Jacobsen meiner det er kunnskap frå 40 år i matvarbransjen som var redninga.

— Eg fekk livet tilbake, og så har kanskje eg gitt bedrifta livet tilbake også.

Mykje av æra for at han kan vere så aktiv i dag, gir Willy Roger Jacobsen til oppfølginga og treninga på Krokeide Rehabilitering.

— Du kjem dit som eit vrak. Ein 90-åring er sprekare enn eg var rett etter alt skjedde. Men på Krokeide får dei deg positiv igjen, seier han.

Særleg trekkjer han fram May-Lisbeth Ohnstad. Ho er instruktør på senteret på dagtid, og driv treningsgrupper på fritida. Willy Roger Jacobsen er ivrig deltakar.

— Eg hugsar godt då eg møtte Willy Roger. Han var blid og smilande, men frykteleg tung i pusten. Eg merka at han var ein som verkeleg ville gjere noko med situasjonen, og han har kome seg kolossalt, seier Ohnstad.

I årevis har ho berre hatt ein frikveld i veka utanom helgane. I alt er 400 tidlegare hjartesjuke med i treningsgruppene hennar.

HELTANE: For redningsmennene i Luftambulansen er saka klar: Hadde ikkje kona Jorun Stavenes Jacobsen og nabo Geir Mjelde starta hjarte- og lungeredning, hadde ikkje Willy Roger Jacobsen vore i live i dag. For dei tre er det framleis tøft å snakke om den dagen for snart fem år sidan, men dei har eit tettare naboskap enn før. - Willy Roger har vist mykje takknemlegheit, og me har mykje til felles, seier Mjelde.
Roar Christiansen

— Det har gått ut over mykje anna, men eg får så mykje tilbake, når eg ser resultata til dei som er med, seier Ohnstad.

Alt fungerte

Overlege Vikenes meiner det er fantastisk at Jacobsen er så frisk som han er i dag.

— Dei fleste som klarer seg, reagerer etter eit par elektrosjokk. Når nokon blir sjokka sju gonger, går det vanlegvis ikkje bra. At han overlever utan mein må skuldast at heile kjeda, frå publikum til sjukehus, fungerte som den skulle, seier Vikenes.

Legane og redningsmennene hos Luftambulansen i Bergen rykkjer ut på over hundre hjartestans kvart år. Det blir rutine, men det er alltid spesielt å kome inn i ein heim der nokon har falle om.

— Særleg i juletida. Då er det ein spesiell atmosfære, mange lukter og symbol overalt. Alt er laga til for at ein skal vere lykkeleg og ha det kjekt, seier flygar Geir Arne Mathiesen.

Tenkjer ikkje på døden

Dei veit sjeldan korleis det går med menneska dei reddar. Difor er det spesielt å ha Willy Roger Jacobsen til bords denne dagen.

Redningsmann Lasse Fossedal var med på oppdraget i 2009. No sit han ovanfor den tidlegare pasienten sin og et pinnekjøt.

— Eg visste ikkje at det gjekk så bra med han før no. Dei som får hjartestans har eigentleg begge føtene i grava, seier Fossedal.

Willy Roger Jacobsen sjølv tenkjer ikkje mykje på døden han unnslapp. I staden tenkjer han på å ha det bra i livet.

— Og så er eg oppteken av å ha ein meiningsfylt kvardag. Å rotne på rot er ikkje noko for meg.

GRAFIKK: KNUT HJORTLAND