OGNE ØYEHAUG

— Det vert ein ny spikar i kista, seier Sigvard Hopland om WTO-avtalen.

Som mjølkebønder utgjer han og kameratane Jan Nesse, Svein Seim og Nils-Jarle Skare grunnstammen i norsk jordbruk utanom om sentral jordbruksstrok på Austlandet og på Jæren.

Dei fire bøndene i Lindås i Nordhordland har ingen tru på at WTO-avtalen skal stoppe presset på bøndene og hindre at støtta til jordbruket vert redusert. WTO-avtalen er nok eit argument for å vere varsam med å investere meir i jordbruket før ein har fått ei avklaring om konsekvensane.

Ingen sytepavar

Sytepavar vil ingen av dei bli framstilte som, tvert i mot. Livet som bonde er både triveleg og meiningsfylt, ein livsstil som dei ser det svært vanskeleg å sette strek over.

— Du kvir deg for å legge dette her brakk, seier Hopland.

Dei fire eig fleire maskiner saman og samarbeider tett og har eit triveleg fellesskap.

Men økonomien i verksemda er ei anna sak. Dei føler dei tærer på eigen og tidlegare generasjonar sine investeringar. Då sonen til Jan Nesse snakka om å gi opp jobben i Nordsjøen og ta over, rådde Nesse han frå det.

Tynnare i rekkjene

Medrekna sine eigne gardar slår dei fire kameratane til saman 12 gardsbruk. Det er over ei mil frå ytterkant til ytterkant i det området dei haustar fôr til sine gjennomsnittleg store mjølkebruk.

— Det er ikkje mange år sidan det her i Seim var 40-50 mjølkeprodusentar. No er her under ti, seier Nesse.

Ingen av dei fire har nokon gong betalt leige for å få slå gras på nedlagde gardsbruk, eigarane av dei nedlagde gardsbruk har kome til dei og bedt dei slå.

Det er den beste jorda som blir slått, er det tungt å kome til får graset ligge.

— Med attgroinga av Noreg, viss den vert skoten fart i, slik den gjer no, så klare vi aldri å få matproduksjonen tilbake til desse områda her, seier Hopland.

Slutt på Vestlandet først

Nils-Jarle Skare har slutta med mjølkeproduksjon inntil vidare, men ikkje selt mjølkekvoten sin. Han vil vente og sjå.

Hittil er det slik at bønder ikkje kan selja mjølkekvoten - retten til å produsere mjølk - ut av fylket dei bur i. Det avgrensar marknaden og prisen for dei som vil selja. Skulle salet av mjølkekvotar bli heilt fritt trur Skare bønder på Vestlandet vil vere dei som blir mest freista til å selje, og at kvotane blir samla hos bønder i meir lettdrivne område.

Kjøt og mjølk

Sigvard Hopland vil ha samling i botn for landbruket og tykkjer Thorbjørn Jagland sin idé om ein landbrukskommisjon er ein god idé.

— Alle gode krefter må gå i lag og berge stumpane, seier Hopland.

Han er for å opne opp for større import frå U-land, men at multinasjonale konsern i EU og USA skal profittere på WTO-avtalen vil han ikkje ha noko av.

Og prioriteringa i dei vidare forhandlinga fram mot ein endeleg WTO-avtale på ministermøtet i Hongkong i desember neste år er heilt klart:

— Det som er det aller viktigast for norsk landbruk er å verne produksjonen av kjøt- og mjølkeprodukt, seier Hopland.

PÅ GJERDET: WTO-avtalen gjer Seim-bøndene Jan Nesse (til venstre), Svein Seim, Nils-Jarle Skare og Sigvard Hopland enda meir skeptiske til å investere nye pengar i gardsdrifta.<p/>FOTO: KNUT STRAND