TERJE ULVEDAL

Både Jølster og Fjaler kan misse sine ambulansar. Fleire båtambulansar kan bli lagt i opplag. I tillegg vil helseføretaket drøfte samarbeid med Helse Bergen og Helse Sunnmøre om ambulansedrifta i grenseområda. I praksis vil det seie Ytre Sogn og Nordfjord.

Dette kjem i tillegg til nedlegging av ambulansestasjonen i Balestrand og reduksjonar i Aurland og Selje som styret alt tidlegare har vedteke.

Hemmeleg rapport

Dette er klart etter at leiinga i helseføretaket i går offentleggjorde ein rapport om ambulansetenesta i Sogn og Fjordane.

Då arbeidsgruppa leverte rapporten 1, september blei han stempla hemmeleg. Etter det Bergens Tidende kjenner til var det styreleiar Per Ytrehus som tok avgjerda om hemmelegstempling. Torsdag ettermiddag gjorde fungerande styreleiar Kjell Opseth om denne avgjerda. Dette skjedde mellom anna etter at Bergens Tidende hadde bedt om å få innsyn i rapporten. Samstundes har også Fylkeslegen i Sogn og Fjordane stilt spørsmål ved grunnlaget for å unnta rapporten frå offentlegheit.

Sterke reaksjonar

Basert på den hemmelege rapporten vedtok styret i Helse Førde for knappe 14 dagar sidan endringane i Balestrand, Aurland og Selje.

Måten leiinga i helseføretaket har handtert ambulansesaka har ført til sterke reaksjonar frå ambulansepersonell, tilsette i primærhelsetenesta og politikarar i dei berørte kommunane. Dei blei ikkje tatt med på drøfting, og fekk informasjon først gjennom media etter at styrevedtaket var fatta.

Professor Henning Jakhelln sa til Bergens Tidende torsdag at vedtaket truleg er lovstridig. Han meiner Helse Førde skulle sendt ei så omfattande sak på høyring, før styret gjorde vedtak.

Store endringar

I rapporten som i går blei lagt ut på nettsidene til helseføretaket i Sogn og Fjordane, går det fram at det kan gå mot store endringar i ambulansetenesta i tida framover. Grunnen er at Helse Førde må spare pengar. I Dalsfjorden/Ytre Sogn vurderer føretaket å redusere beredskapen og samle ambulansane i området med stasjoneringsstad i Hyllestad. Jølster skal i framtida dekkast frå Førde som skal få styrka ambulanseberedskap.

Arbeidsgruppa meiner dessutan at båtambulansetenesta må under lupa omgåande: — Det bør vere grunnlag for færre båtambulansar, er konklusjonen.

I tillegg vurderer føretaket også å endre organiseringa. Her blir det lansert tre modellar. Den eine er å halde fram med dagens ordning, som i praksis betyr kjøp av tenester frå Sogn og Fjordane Røde Kors og ei rekkje private ambulansebileigarar. Men det skal også greiast ut å leggje heile ambulansetenesta ut på anbod, eller at føretaket sjølv tek over drifta.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane vurderer no ambulansevedtaket i styret for Helse Førde. Dette skjer på bakgrunn av ein klage frå kommunelege i Balestrand. Fylkeslegens konklusjon kjem tidlegast i neste veke.