Det kan bli harde tak når granskingsrapporten etter Giardia-saka kjem opp i bystyret i Bergen 19. juni.

Fleire parti vurderer å fremje mistillitsforslag mot den ansvarlege byråden, Lisbeth Iversen.

– Vi vil vurdere innhaldet i rapporten, og om den skal få konsekvensar politisk for den som sit som ansvarleg byråd, seier gruppeleiar Terje Ohnstad i Arbeidarpartiet.

– Vi tykkjer byrådet bagatelliserer sitt politiske ansvar, seier Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV.

Ho viser til byråd for byutvikling Lisbeth Iversen og byrådsleiar Monica Mæland, som båe har avvist å trekkje seg etter Giardia-saka.

– Vi konstaterer at Ivar Kalland har tatt på seg ansvaret på den tyngste måten kan. Han valde å trekkje seg. Men det kan ikkje vere slik i eit politisk styrt byråkrati, at byråkratiet skal ta belastninga, seier ho, og viser til at fagetaten tidlegare har peika på manglande investeringar i vann— og avløpssystemet i Bergen.

– Så de vil òg vurdere å fremje mistillitsforslag?

– Ja, vi er nøydd til å ha det med oss no vidare, seier ho.

Byrådsleiar Mæland har sjølv profilert denne saka i stor grad på vegner av byrådet. Miljeteig ser difor ikkje vekk frå at eit mistillitsforslag mot Iversen vil tvinge fram eit kabinettspørsmål frå byrådsleiaren.

MÅ GÅ?: Må Lisbeth Iversen gå fra sin stilling etter giardia-skandalen?