— Eg har ikkje for vane å stilla mistillitsforslag. Dette har eg aldri gjort før, seier Nils Magne Blålid, politisk leiar i Stord SV. Stord kommune sitt meirforbruk i 2004 kom på heile 12.779.671 kroner. Det er langt meir enn tidlegare varsla. Forklaringa skal vera overforbruk av vikarar innan pleie og omsorg, og at kommunen har hatt for dårleg datarapporteringsverktøy til å sjå budsjettsprekken.

Dette har fått sosialistane sitt beger til å renna over. Torsdag vurderer dei å stilla mistillitsforslag mot rådmann Martin Dahle.

- Må få konsekvensar

Her er punkta som har ergra Stord SV:

Mangelfull rapportering av underskotet for 2004.

Mangelfull rapportering og oppfølging av bruk av vikarar innan pleie og omsorg.

At ein ny privat barnehage i Sævarhagen skal erstatta noverande kommunaleigde Nordbygda barnehage, utan at administrasjonen har klargjort kva som skal skje med dei tilsette sine rettar til lønn, pensjon og stillingar.

— No må me setja søkjelyset på rutinane i kommunen. Dersom det blir fleirtal for eit slikt mistillitsforslag, må dette få konsekvensar for stillinga til rådmannen, seier SV-Blålid.

- Stel frå arvesølvet

Han får delvis støtte frå eit anna opposisjonsparti - Stord Frp.

— Dei siste fem-seks åra har det vore betydelege driftsunderskot i Stord kommune. Dersom me skal stilla mistillitsforslag, må det går på det totale økonomiske vanstyret, seier Frp-gruppeleiar Thor-Gunnar Bjelland. Frp er sterkt i mot at rådmannen vil nytta kraftfondsmidlar til å dekka underskotet på driftsbudsjettet.

— Å betala gammal moro med fondsmidlar er det same som å pissa i buksa for å ha det behageleg for ei kort stund. Driftsunderskotet vil vera like stort til neste år. Her bør me sjå på drifta og lovpålagde oppgåver, reduksjon av stillingar og sal av eigedommar og bygg. Rådmannen har ikkje ein gong vågd å føreslå eigedomsskatt. Han tek berre frå arvesølvet. Kanskje dette er ei for vanskeleg oppgåve for rådmannen, spør Bjelland.

— Eg stør Blålid, men eg kunne tenkja meg at rådmannen fekk høve til å retta opp inntrykket. Me vil difor forlanga at rådmannen kjem opp med alternative måtar å finansiera underskotet på. Rådmann Martin Dahle var ikkje tilgjengeleg for kommentar, då BT kontakta han i går.

Bjarne Dramdal, fungerande gruppeformann for Stord Høgre, stiller seg hundre prosent bak eit mistillitsforslag mot økonomistyringa i kommunen, men ikkje mot rådmannnen.

— Mistilit er eit parlamentarisk verktøy som kan brukast mot ordføraren. Mot rådmannen blir det formelt feil. Me er likevel svært einige i at økonomistyringa i kommunen ikkje heng i hop. Treng me ein ry rådmann? Ja, kanskje, seier Dramdal.