Leiinga i Sjøfartsdirektoratet sat i går i krisemøte, etter at det vart kjent at EU-kommisjonen har svartelista den nye Regatta-vesten som er å finne på praktisk tala alle norske båtar.

— Vi ser alvorleg på saka. EU har nytta høvet til å påleggje oss å trekkje attende godkjenninga av Regatta-vesten, seier avdelingsdirektør Sigurd Gude i Sjøfartsdirektoratet.

Gude gjer det klart at direktoratet vil gjere alt dei kan for å hindre at 100.000 splitter nye Regatta-vestar må byttast ut, få månader etter at direktoratet sjølve påla reiarlaga å kjøpe nettopp desse vestane.

Vil søkje fritak

— Desse er dei beste som finst på marknaden, og vi har ingen umiddelbare planar om å bytte dei ut, seier Gude.

— Men EU meiner det motsette, og seier at vesten er for dårleg. Kva gjer de dersom EU held på sitt?

— Då er det mogleg at vi må fjerne den internasjonale godkjenninga. I så fall søkjer vi om fritak for Noreg, slik at vi kan bruke desse vestane sjølv om dei ikkje har det obligatoriske rattmerket, seier Gude.

Det internasjonale regelverket stiller krav om godkjende vestar om bord på alle passasjerbåtar.

Det norske medlemmet i den internasjonale komiteen for standardisering av redningsutstyr, Arvid Påsche, åtvarar på det sterkaste mot å omgå denne regelen.

— Eg kjenner ikkje til at nokon har gjort noko slikt før, og det overraskar meg at direktoratet vurderer dette, seier Påsche, som sjølv var med og testa ut Regatta-vesten som Sintef-forskar på 90-talet.

- Må tenkje på truverdet

Påsche meiner Noreg med eit slik grep vil bidra til å undergrave det internasjonale arbeidet for ein tryggare skipsfart.

— Som leiande sjøfartsnasjon, kan ikkje Noreg berre trekkje på skuldra av ei avgjerd i internasjonale organ, berre fordi ho går imot våre interesser. Eg er veldig uroa for korleis dette vil påverke truverdet vårt. Vi er heilt avhengige av internasjonal støtte i arbeidet for betre tryggleik til sjøs, og då må vi vere konsekvente, seier Påsche.

— Det er sjølvsagt synd med kostnadene dette medfører, men vi kan ikkje fire på desse krava, seier Påsche.

Sak for regjeringa

Avdelingsdirektør Gude innrømmer at Noreg må vurdere signaleffekten internasjonalt.

— Vi skal ha eit møte i neste veke om denne saka. Der skal både Det Norske Veritas, Regatta og Sintef Unimed delta, seier Gude.

Truleg hamnar saka på regjeringas bord før ho blir avgjort.

— Saka har også ei handelspolitisk side. Den politiske leiinga i Nærings- og handelsdepartementet er orientert, seier sjøfartsdirektør Rune Teisrud.

Noreg har sjølve svartelista

Noreg har tidlegare sjølve brukt retten til å svarteliste ein livvest og fått han fjerna frå alle skip i Europa. Det skjedde med den italienske vesten som var om bord på havaristen Sleipner. Også den gongen var det motstridande testrapportar, men Noreg sette makt bak krava sine og fekk tatt frå vesten alle godkjenningspapir. Konsekvensen var at heile produksjonen måtte leggjast ned.

Noreg og Det Norske Veritas meiner at det er dårlege reglar for testing av vestane som gjer at testinstitutt i Noreg og England kjem til vidt forskjellige konklusjonar. Noreg har difor gjort framlegg om heilt nye test-reglar i den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO, men framlegget er enno ikkje endeleg handsama.

Fakta om redningsvest-striden

  • EU-kommisjonen krev at redningsvesten Regatta Thermo Cruise må misse alle godkjenningspapir. Dei meiner vesten flyt for tungt og ikkje snur livlause personar slik han skal.
  • Norske reiarar har kjøpt slike vestar for minst 40 millionar kroner dei siste par åra. Modellen fekk nesten monopol då Noreg innførte krav om isolerande vestar etter Sleipner-ulykka.
  • Klagene på Regatta-vesten kom først frå England. Utan internasjonalt rattmerke er det ikkje lov å bruke vestane på passasjerbåtar i Europa, heller ikkje om bord på norske.
STRYK: Redningsvestane som blant andre matros Kurt Idar Igland (biletet) har om bord på «Fjordprins» vert dømt nord og ned av EU-kommisjonen.
Foto: Rune Sævig