Vedtaket vart gjort med 60 mot 7 røyster (SV, RV). Tanks videregående skole er ein av skulane som står på prioriteringsplanen for tilbygg, men det har vist seg vanskeleg å skaffa tomt.

I samband med at fylkesrådmannen har bede om fullmakt til å forhandla med Pallas A/S om tomt, har fylkestinget vedteke at ein skal sjå utbyggingsplanen ved skulen i samanheng med den komande vurderinga om å slå saman fleire vidaregåande skular i Bergen.