I følgje ei pressemelding frå Statens vegvesen gjort store rassikringstiltak på Rv 5 Kjøsnesfjorden dei siste åra.

I pressemeldinga orientere Statens vegvesen om kva for strekningar det vil bli sett i verk rassikringstiltak på, og kva som ligg til grunn for at nettopp desse er plukka ut.

Både i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er det mange rasutsette strekningar som helst skulle vore sikra i går. For å kunne sette opp ei prioriteringsliste mellom alle rasutsette strekningar nyttar Statens vegvesen ein reknemodell der ein del utvalte kriteria blir lagt til grunn, står det i meldinga.

I løpet av neste år avsluttar Statens vegvesen rassikringsarbeidet på Rv 615 Skasvora. Nye rassikringstiltak som startar i løpet av 2005 er bygging av tunnel i Stedjeberget på Rv 55, tunnelen mellom Gotteberg og Kapellneset på Rv 617 og E39 Romarheimsdalen. I tillegg er det mogleg at rassikringsarbeidet på Ramsteina på Rv 13 i Vetlefjorden blir starta, står det i meldinga.

I planperioden 2006 – 2009 har Statens vegvesen fått 430 millionar kroner som skal nyttast til rassikring. I Sogn og Fjordane er Rv 55 Fatlaberget, Rv 53 Årdal, E39 Loteberget og Rv 615 Seljesvora høgt prioritert. Dette kjem mellom anna av at det på desse strekningane har vore hyppigare ras og oftare stenging enn til døme på Rv 5 Kjøsnesfjorden. Den dramatiske rassituasjonen det siste døgeret vil likevel føre til at Statens vegvesen foretar ei ny berekning, står det i meldinga..

På Rv 5 Kjøsnesfjorden har Statens vegvesen gjort store rassikringstiltak dei siste åra. Hendingane det siste døgeret vil kanskje føre til at ytterlegare tiltak no vil bli vurdert på prioriteringslista i Region vest.

I den nye rassikringsplanen frå Statens vegvesen blir rasutsette strekningar mellom anna prioritert utifrå trafikkmengd, kor ofte det går ras, kor ofte vegen blir stengt, om det er fare for fleire ras på same strekning slik at det er fare for at trafikantar skal bli sperra inne, og om det er spesiell transport som går føre seg på strekninga. Dette kan mellom anna vere transport av skulebarn.

Prioriteringslista endrar seg i høve til nye opplysningar og hendingar på dei rasutsette strekningane, står det i meldinga.