Det er Helse Vest som har bedt om å få ei slik vurdering.

— Det finst ulike former for kirurgisk behandling mot fedme. Metoden som har blitt nytta i Førde er ein av desse. Vi skal no skaffe dokumentasjon på alle former for kirurgisk behandling, seier direktør Berit Mørland.

Til Bergens Tidende seier Mørland at dei skal vere ferdige med arbeidet i januar.

— Når vi er blitt bedt om dette, er det nok fordi det er knytta ein viss grad av usikkerheit til om dette fungerer, og kva som er dei beste metodane, seier Mørland.

Informasjonsdirektør Berit Sandal i Helse Vest seier dei trur ei positiv tilbakemelding på inngrep mot overvekt vil gjere det lettare å argumentere for pengar til slike operasjonar.

Ho avviser at det er opp til Helsedepartementet å avgjere framtida for operasjonane i Førde:

— Departementet har sagt at dette ligg til dei regionale helseføretaka. På sett og vis er det opp til Helse Førde å vidareføre dette, men eg reknar med at dei vil seie dei ikkje har råd. Skal Helse Vest finansiere, må vi ta pengar frå andre pasientgrupper som også har rett til behandling. Det syns vi ikkje er rett, seier Sandal.