— Kva kan du seie om sommaren vi har i vente her på Vestlandet?

- Vinteren og våren har vore heilt ekstremt flott, og vi kan ikkje vente å ha dette ualminneleg gode vêret heile sommaren. Våren har vore 14 dagar tidlegare enn vanleg, og vi har nesten ikkje sett så store gras- avlingar før. Etter jonsok blir vêret meir skiftande. Viss ikkje alt slår feil. Vi hadde nesten same sorten vêr i 1947, men då var det kaldare.

- Korleis blir det elles i landet?

- I Nord-Noreg blir det kaldt og nedbør. Det skjer alltid noko i fellesferien, det blir sjeldan godt vêr i heile den perioden. På Austlandet blir det og meir ustabilt, sjølv om det er varmare der. Veit du at det vêret vi har i april ofte kjem att i september? Så hausten kan bli særs bra.

- Bør vi eigentleg berre hive oss på eit fly til Syden?

- Nei, reis ikkje til Syden! Folk som ligg på ei solseng og blir brunbarka både her og der, er ikkje råd til å vere i lag med når dei kjem heim att til regnet. Då blir dei så sure og gretne. Vi har jo hatt sydenvêr heile våren.

- Høyrer eller ser du på vêrmeldinga?

- Nei. Ein skal aldri sei aldri, men eg ser meir på teikn i naturen, enn på vêrvarslinga. Viss du har tenkt deg på fjellet, og er interessert i eit dagsvarsel for vêret, kan du stikke ein pinne ned i ei maurtue. Dersom mauren snur halvvegs på pinnen og kryp ned igjen, då blir det styggevêr. Dette er hundre prosent sikkert! Det same er viss mauren har vorten så galen at han byggjer ei tue på nordsida, som er skuggesida, då blir det aldri nokon god sommar. Visste du forresten at det berre er to laurdagar i året at du ikkje har streif av sol? Eg har følgt nøye med, og i løpet av 64 år har eg berre opplevd 17 laurdagar der eg ikkje har sett sol.

- Er det vanskelegare å spå vêret etter at du i fjor fekk slag?

- Det er ikkje så enkelt som før, det er mindre å følgje med på etter at eg flytta frå garden Rørvik som eg forpakta i Vadheim, og inn til ein omsorgsbustad i Høyanger. Det er svært lite fuglar i Høyanger og eg er jo ikkje lenger ute i skog og mark. Men eg sit i glaset og følgjer med på det som skjer. Dersom sauer og geiter reiser til fjells, då blir det godvêr. Kjem dyra ned att frå fjellet, blir det styggevêr. Kryp svartsnigelen mot sør, blir det sønnavind og regn.

- Har det hendt at du har tabba deg ut med vêrspådommane dine?

- Ikkje tabba meg ut, men jau, det har hendt at eg har teke feil, men det gjer meteorologane og. Eg har 95 prosent rett.

- Blir humøret ditt påverka av vêret?

- Nei, absolutt ikkje! Eg blir ikkje sur om det blir styggevêr. Om du blir det her på Vestlandet, der det stort sett er mest regn, blir du jo sur heile tida! Og ein dag med regn har som regel fleire glimt med godvêr.