— Det ser absolutt ut til å bli ei fin påske likevel, stort sett over heile landet, seier Cecilie Villanger i Stormgeo.

Det er ikkje meir enn få dagar sidan meteorologane åtvare mot elendig påskevêr.

— Det er ingen grunn til å handle inn solkrem. Denne påska blir det skitvêr, sa statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til BT førre veke. No snur meldingane.

— Starten på påska kan bli litt opp og ned på Vestlandet, men i helga blir det nydeleg påskevêr i heile landet, seier Villanger.

Sjekk vêret der du er på Pent.no.

Slik blir vêret

Tysdag blir det ein del nedbør i Hordaland, men for det meste i ytre strok. Det vil bli både regn- og sluddbyger i låglandet. Nedbøren vil for det meste vere i ytre strok, men også i indre. Det kan fort bli mykje vind ein del plassar langs kysten.

— Det er Sør-Norge som stikk av me det beste vêret no i byrjinga av påska. På Vestlandet på me nok vere litt meir tolmodige, seier Villanger.

Onsdag vil temperaturen synke på Vestlandet. Vinden aukar utover kvelden i dei sørlege områda, og ifølgje meteorologen er det venta liten kuling. Nordvestlandet og vidare nordover ser det heller ikkje lovande ut, der vil det vere ein del regnbyger fram til laurdag.

— Gladnyheita for Vestlandet er at nedbøren vil gje seg på onsdag kveld.

Skjærtorsdag vil det bli opphald, og finare vêr.— I Bergen vil det vere ein del glipp i skydekket som gjer at me vil få noko sol, men det er nordavind, så det blir nok litt kjølig, seier Villanger.

Austlandet får stort sett sol og milde temperaturar.

— Det kan bli opp til ti plussgrader på Austlandet. På Vestlandet vil galde seg på eit lågare nivå, kanskje opp mot fem-seks grader.

Langfredag Blir det nydeleg påskevêr i Hordaland og elles i store delar av landet, seier meteorologen. Det blir rolege vindforhold, men ganske kaldt.

— Fredag er det berre å kome seg på fjellet, seier Villanger.

Påskeaftan, laurdag blir det stort sett fint vêr i heile landet. I Hordaland blir det kaldt, men fint, ifølgje meteorologen.

1. påskedag, søndag ligg det an til å bli strålandet vêr i heile landet.

- Fint i fjellet

— Særleg tysdag og torsdag og blir det påfyll av snø i fjellet, så alt ligg til rette for gode skiforhold.

Ifølgje nettstaden sjogg.no vil det kome greit snøfallfleire plassar i fylket dei neste dagane. I Eikedalen er det venta 9 centimeter snø dei neste tre dagane, i Furedalen på Kvamskogen er det venta 8 centimeter. Litt mindre blir det på Voss, der det er venta 3 centimeter med snø dei neste tre dagane, ifølgje nettstaden.

Det vil blåse ein del fram til helga, men på fredag er det bare å pakke ski, solkrem og solbriller, seier Villanger.

Snøskredvarslar i NVE, Birgit Rustad, seier at det snøskredfaren truleg vil halde seg på eit moderat nivå på Vestlandet i påska.

— Det ser ut til å blir relativt rolege vêrforhold i fjellet. I Hordaland vil det vere små temperaturendringar, så det er ikkje noko umiddelbar fare for skred, seier Rustad.

— Fredag og laurdag blir det ein del solutstråling, det vil seie at me kan vente ein del naturlege snøskredi fjellet.

Ho oppfordrar likevel reisande til fjells å følgje med på Varsom.no for oppdaterte snøskredvarsel.

Husk solbriller

Det er mykje bleik vinterhud så tidleg på året, og det er viktig å hugse beskyttelse, seier Villanger.

— Påskesola er ofte skarp. UV-strålinga er ikkje voldsom skarp akkurat no, men det er likevel viktig å beskytte seg. Hugs solbriller og skibriller.