23-åringen var passasjer i ein bil på veg til Sverige, og hadde sovna etter å ha skjenkt seg.

På morgonkvisten var han sur og sint då han blei vekt i Vinje, og nekta å vera med vidare. Han stengde seg inne i ein garasje, og det blei slik støy at politiet kom til staden.

Det var då 23-åringen skulle førast bort i cellebil at han sparka til politimannen.

Straffa hans inkluderer også eit alvorleg tilfelle av fyllekøyring på Bømlo i desember for to år sidan.