– Eg har fått vita at eg ikkje er aktuell lenger. Men ingen i partilaget har hatt ballar nok til å seia til meg kva som ligg bak, seier Amund Enge, som var med på å byggja Etnemarknaden opp som Vestlandets største i sitt slag, som i to periodar har vore ein markant ordførar for Høgre i jordbrukskommunen Etne, og som var villig til å gå på nok ein periode.

Leiar i Etne Høgre si nominasjonsnemnd, Tora Lilledal seier til bt.no at ho ikkje vil kommentera saka etter nominasjonsmøtet måndag kveld før partiet sender ut ei pressemelding i løpet av dagen i dag. Til lokalavisa Grannar har ho sagt at det er kome reaksjonar frå etnebuar på at dei ønskjer ein annan ordførar enn Enge.

– Eg har fått vita at advokat Roe Lauvås er plassert på listetoppen. Han har eg aldri sett i partisamanheng i Etne, seier Amund Enge, som gjekk til dagens formannskapsmøte i Etne som de facto partilaus.

– Eg ønskjer ikkje lenger å betala medlemsavgift til Høgre, som eg har sympatisert med sidan dåverande partiformann Erling Norvik stod på talarstolen i Etne samfunnshus på 80-talet, seier ordførar Enge, som først torsdag fekk vita av Haugesunds Avis at han var i ferd med å bli vraka i Høgre-nominasjonen.

– Eg har studert på kvifor, kanskje eg har site for lenge, at det handlar om slitasje, undrar Enge.

– Du fekk kritikk for di deltaking før jul i samband med lansering av Erling Skakke-konjakken i Etne?

– Det kan ikkje vera årsaka, for ikkje er det fråhaldsfolk i Høgre, og det der var jo kjempereklame for Etne.

– Blir du uavhengig representant resten av perioden?

– Det har eg ikkje tenkt på.

– Kva om du får tilbod frå andre parti?

– Ei uaktuell problemstilling, dei er ferdige med nominasjonane sine, seier Amund Enge, som etter valet går tilbake til jobben sin som leiar for den verna bedrifta Øyane ASVO i Etne.

– Ei bedrift med stort potensiale. Det skal bli herleg å sleppa å stå på stand. Jau ,eg er skuffa over det som no har skjedd, men óg veldig letta over å få det avklart på både eigne og familien sine vegner, seier Amund Enge.

Ellen Mari Lorentzen