• Fekk skikkeleg juling heime hos seg sjølv. Ligg framleis på sjukehuset.

Klokka 23.40 natt til onsdag fekk kom ein telefon.

— Ein kar i førtiårene ringde. Han var alvorleg banka opp heime i sin eigen leilegheit i Voss sentrum. Til all lukke klarte han å varsle sjølv om hendinga, seier politibetjent Gunn Iren Brenden ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Både politi og ambulanse var sendt til staden.

— Karen hadde fått skikkeleg juling. Han ligg framleis på Voss sjukehus med brotskadar, seier Brenden.

Vossingen fekk besøk av ein 26 år gammal mann og ei dama i trettiåra. Dei banka han opp, tok med seg flatskjermen og gjekk.

Politiet fekk kleppa tak i dei begge to.

Mannen sit framleis i arresten og vil truleg bli framstilt for fengsling.

- Veit du kvifor han vart banka opp?

— Nei, men vi meiner dei høyrer til same miljøet.