Dødsfallet skjedde under den såkalla 6-vatn-runden. Mathisen sykla saman med ein kamerat og var komen til Sundve, på tilbaketuren mot Skulestadmoen, då han plutseleg seig saman på sykkelen og fall over ende.

Ambulanse vart tilkalla, men livet hans stod ikkje til å redda, skriv avisa Hordaland.

— Kva som kan ha hendt, veit me ikkje sikkert. Men det vil bli føreteke rutinemessig obduksjon, seier politioverbetjent Lars Fykse ved Voss lensmannskontor til avisa.

Mathisen har i mange år vore mellom eldsjelene i Voss Sykleklubb og hatt fleire leiande verv i klubben. Av yrke var han lærar, og har dei siste åra vore rektor ved Bulken skule.