Ulukka hendte på riksveg 13 ved Mønshaugen, på vegen mellom Voss og Granvin. Politiet fekk melding om ulukka klokka 05.30 søndag morgon.

— Den omkomne er frå Voss og bur på Voss. Namnet er ikkje frigjeve enno, seier lensmann Ivar Hellene på Voss til bt.no måndag morgon.

Den omkomne er 31 år. Han etterlater seg sambuar og to barn på Voss.

Mannen var aleine i bilen då ulukka hende. Han var på veg i retning Vangen (Voss sentrum).

Køyrde i støypekanten

Lensmannen vil ikkje spekulera i årsaka til ulukka.

— Den er under etterforsking. Ulykkesgruppa i Statens vegvesen er varsla og dei vil og granska ulukka, seier Hellene.

Mannen køyrde ein personbil og vart funnen i nærleiken av bilen. Det var ikkje andre bilar involvert i ulukka, då han køyrde inn autovernet/støypekanten på høgre side av vegen.

Bilen vart heilt øydelagt i kollisjonen.

— Køyretøyet fekk store skadar, og vrakdelar låg spreidd i ein radius på 50 meter rundt bilen, skriv avisa Hordaland.

- Stor fart

Både brannvesenet, politiet og ambulanse var på staden. Vegen vart sperra ei tid etter ulukka.

Operasjonsleiar Gustav Landro i Hordaland politidistrikt, sa til bt.no søndag morgon, at bilen skal ha hatt stor fart då ulukka hende.