Det opplyste samferdsleminister Liv Signe Navarsete på ein pressekonferanse på Fleischer’s Hotell på Voss nettopp.

Også ordførarane i området var innbedne til konferansen.

Vossapakko har ein samla prislapp på vel ein milliard kroner, og inneheld fire element:

  • Tunnelar forbi Skjervet og ned til Granvinvatnet på riksveg 13 (Granvin herad).
  • Utretting av parsellen Palmafossen-Mønshaugen på riksveg 13 (Voss kommune).
  • Tunnel bak Vangen på E16 (Voss kommune)
  • Vegkryss på E16 på Stanghelle (Vaksdal kommune).

At proposisjonen skulle passera statsråd i løpet av vårsesjonen, var venta etter statsråden si gladmelding tidlegare i år om å løyva 40 millionar krisekroner til prosjektet.

Bomstasjonar vert sett opp ved Voss kommune sine grenser mot Vaksdal og Granvin, men slik at ein betalar berre ein gong ved passering av begge bommane i løpet av ein time.

NÆRMARE EIN AVKLARING: Vossapakko skal i dag opp i statsråd, opplyser samferdsleminister Liv Signe Navarsete.
Scanpix