Ordførar Bjørn Christensen, som la fram uttaleteksten, var redd for at vidare utgreiing vil få saka til å «rulla vidare i kraft av seg sjølv» mot eit lite ynskjeleg resultat.

Aud Walaker Hutchinson sa at Høgre ikkje ynskjer at saka skal bli avgjort i dagspressa. Difor bør utgreiinga halda fram, og avgjerd takast når fakta ligg på bordet. Det betyr ikkje at Voss Høgre i dag seier ja til bombing, sjølv om Høgre er for eit sterkt forsvar.

— Dersom det til sist viser seg at det berre er nasjonale omsyn som tel for, vil Voss Høgre stilla seg bak dei lokale omsyna, presiserte Walaker Hutchinson.

Ho antyda også at kommunen kan ha nytte av det (gratis) utgreiingsmaterialet som Forsvarsbygg vil utarbeida. Varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus hadde ingen problem med å slutta seg til fleirtalet. Senterpartiet sitt syn er for lengst gjort kjent, til dømes på folkemøte.

Einar Horvei, SV, slutta seg også til fleirtalet, og ville dynga på enda eit argument; ureiningsfåren for Vossavassdraget. Også Bjarne Gjerme, frå regjeringspartiet KrF, gjekk reservasjonslaust inn for Ap sitt framlegg. Han meinte at det må vera nok med eitt bombefelt i Noreg.

— Dersom feltet i Porsanger er mindre problemfylt, er saka løyst. Skal pilotane øva på bombing i land langt borte, bør flyginga nordover kunne inngå i øvinga, meinte Gjerme.

Klaus Skjeldal, Ap, siterte forsvarsminister Kristin Krohn Devold sine uttalar til lokalavisa, der ho sa at vossingane sitt syn blir avgjerande. Fråsegna som formannskapet i dag tilrådde med åtte mot ei røyst, listar opp ei lang rekke uheldige konsekvensar av flybombinga. Fleirtalet reagerer også på at Forsvaret, etter å ha lagt ned dei fleste arbeidsplassane sine på Voss, lanserer planar som kan riva grunnlaget under den fremste vekstnæringa i området.

Det kom i dag til eit ordskifte mellom ordføraren og Aud Walaker Hutchinson, som sjølv driv i reiselivsbransjen, om faren for å sløsa bort sjansen til å få fjordane inn på UNESCO si verdsarv-liste.

UNESCO-utsendingen Peter Ogden har sagt klart frå at han ikkje vil tilrå plass på lista dersom det blir flybombing. Men han har ikkje lova plass dersom jagerflya held seg unna.

— Han likte det han såg då han var her, og gav uttrykk for at sjansane er til stade, no eller aldri, seier ordførar Christensen til Bergens Tidende.

Han har takka ja til eit tilbod frå Forsvaret om synfaring i skytefeltet for dei folkevalde. Det hindra ikkje at formannskapet gav si tilråding i går. Synfaringa skal haldast før kommunestyret tek endeleg avgjerd. Der er det venta at Høgre får støtte av Frp. Dei to partia har til saman sju av 43 i Voss kommunestyre.

TOMMELEN OPP: UNESCO-utsendingen Peter Ogden frå Wales likte det han såg i Nærøyfjorden landskapsvernområde, her på veg opp til Stigen 300 meter rett opp frå Aurlandsfjorden. Vossaordføraren har tru på plass for Vestlandsfjordane dersom ein unngår bombing frå fly mot Mjølfjell skytefelt.
FOTO: Arne Hofseth