Vedtaket vart gjort med ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik sidobbeltrøyst under ei dramatisk røysting i Voss kommunestyre i kveld.

Hadde Arbeidarpartiet hatt ein vararepresentant klar, kunnefleirtalet bikka andre vegen. Asbjørn Nilsen er grunn— og fallrettseigar iRaundalselva, og vart kjent ugild fordi oppheving av vernet banar veg forkraftutbygging. Nilsen seier til bt.no at han ville ha røysta med fleirtalet iAp-gruppa, og mot ordføraren frå same parti, dersom han hadde fått lov til årøysta.

Mindretalet ville velja ei mjukare tilnærming ennordføraren. Dei ville be olje- og energidepartementet vurdera om den nasjonaleverneplanen for vassdrag skal takast opp til revisjon. Blant dei som til sistgjekk for denne løysinga, var også motstandarar av redusert elvevern generelt, og kraftutbyggingi Raundalen spesielt.

Vossavassdraget ovanfor Vangsvatnet vart verna i verneplanensom vart vedteken i 1986

Ordføraren var blant initiativtakarane til ny runde omkraftutbygging i Raundalen. BKK utarbeidde ei skisse som viser at det med vatnfrå nedbørsfelt i både Voss og Ulvik kan byggjast seks kraftverk i ulike storleikar, med samlaårsproduksjon på 871 GWh.

Kommunestyret ba i mai i fjor om at det vart arbeidd vidaremed saka.

No vil dei mest utbyggingsivrige ha tre kraftverk som tilsaman kan gje 660 GWh. Andre vil nøya seg med to kraftverk og 266 GWh, medan motstandaraneikkje vil ha noko kraftverk, til glede for raftarar, elvepadlarar og andre.

No går kommunestyret for tre kraftverk, med knappast mogelegmargin.

Den djupe splittinga kom på første møtet attende ikommunstyresalen etter fem år i utlegd. Dei folkevalde veik plassen dåbiblioteket kom i husnaud i 2006. No har biblioteket kome på plass i det nyeKulturhuset. Målarstykket av Olav Kyrre som seier at her skal Bergen ligga, erigjen synlege for dei folkevalde på Voss. Men dei slepp oppsyn av gamleordførarane.Deira portrett er ikkje attende på plass enno. Og dei slepp sjå det sværeBjørgumbiletet av stakkaren som gneg på eit kjøtbein, inntil vidare.