På nivået under regionsentra skal landet delast inn i 31 eller 32 distrikt, avhengig av om Førde får eige vegkontor eller ikkje.

To modellar

Vegdirektør Olav Søfteland har lagt fram ei tilråding i to alternativ.

I alternativ 1 nøyer han seg med eitt vegkontor i Sogn og Fjordane, lokalisert til Leikanger. Distriktet dekker heile fylket, med unntak av kommunane Årdal, Lærdal og Aurland som no har tunnelsamband til Voss.

Det andre alternativet deler fylket, inklusive dei tre nemnde kommunane, i to vegdistrikt. Førde får vegkontor for nordre delen, Leikanger for den søre.

Voss får vegkontor etter begge modellane. I ein variant strekkjer distriktet seg innover i Sogn, i den andre sørover i Hardanger. Det plasserer heile Hardangerbrua i same distriktet.

Men skulle eitt alternativ vinna fram i nord, og det andre i sør, kan Vossadistriktet bli i knappaste laget.

Nye oppgåver

Etter det Bergens Tidende får opplyst vil mange «tunge» gjeremål bli sentralisert frå dagens 19 vegkontor til dei nye regionkontora. Rutineoppgåver som lønsutrekningar blir sentralisert enda meir, til felles kontor for heile landet.

På den andre sida skal ei rekke oppgåver desentraliserast. Dei 32 (eller 31) nye vegkontora skal kunne yta langt fleire tenester i lokale vegspørsmål enn dei noverande vegstasjonane.

For Haugesund, Voss og eventuelt Førde vil dette innebera ei sterk oppgradering. Femten nye stillingar på kvar stad har vore nemnt. På den andre sida står Stavanger og Leikanger, som ikkje nådde opp i kampen om regionssenteret, framfor ei nedjustering for å koma på same nivå.

Bortsett frå Knarvik vil dei andre noverande vegstasjonane, til dømes Odda og Stord, få status som filialar under eitt av dei nye vegkontora.