I går skreiv bt.no om rottene som har vorte talrike i området rundt Smålungeren. På Voss er det museplagen som er verst.

— Me har selt i overkant av eit halvt tusen feller og ca 400 kilo med musegift til no. Me kunne nok selt meir, men gjekk tome, fortel Alf Rørlien i Felleskjøpet til avisa Hordaland.

Dei små skadedyra tek føre seg av klede og møblar. Tilsette ved fleire bilverkstader fortel også at dei får inn bilar der musene har øydelagt kompliserte leidningsnett.

Både Alf Rørlien og Martin Tvilde hjå Tvilde Fargehandel fortel til Hordaland at salet av musegift og feller er fire gonger så stort som i eit normalår.

— Kanskje har me for mange kresne kattar, som føretrekkjer ferdigmat på boks, framfor ekle mus, sier Martin Tvilde.

STORSPISER: Den er liten men forsyner seg grovt av eiendelene til vossingene.