Trond Giske var på Voss nyleg, og det lokale Arbeidarpartiet gjekk ikkje glipp av sjansen til å visa fram skule— og kulturlivet i bygda.

— Du må gripa sjansen når han byr seg. Trond Giske kan bli ein mann med stor politisk tyngde ved neste korsveg. Difor er det viktig for Voss at han er kjend med det som rører seg i bygda, resonnerer Hilde Lydvo, nestleiar i Hordaland Ap.

I løpet av dei to-tre timane dei hadde til disposisjon, drog Voss Arbeidarparti med seg den tidlegare statsråden med seg rundt på utvalde skuletilbod og kulturverkstader. Trond Giske var særleg imponert over Voss Jordbruksskule sin evne til å ta seg av elevar som har vanskeleg for å tilpassa seg andre skuletilbod.