Arnstein Karlsen var på plass med videokameraet då dei nye nettsidene til Destinasjon Voss offisielt vart opna i dag.

Klokka ti på Raftingsenteret opna ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik nettstaden visitvoss.no.

På desse nettsidene skal turistar finne det dei treng av informasjon om Voss.

— Sidene skal vere den nye innfallsporten til alt reiseliv på Voss, seier Even Rokne i Destinasjon Voss.

Dette vert også den nye portalen for booking av opphald på Voss, og er ein del av den store satsinga på reiseliv ein har sett i gang på Voss.

— Målet er å femdobla reiselivet. Då må det mange nye hotell byggjast ut for å ta unna dette. Det me no har byrja med, er å få på plass bookingsystemet først, seier Rokne.

Det er kommunen som eig visitvoss.no. Det skal sikra at alt av reiseliv, ikkje berre dei bedriftene som er med i Destinasjon Voss også får fram informasjon om deira aktivitetar.