Dermed kan brutilhengarane i Hardanger blåsa signalet «faren over». I Voss formannskap vart det sist veke fleirtal for ei tilråding som reiste alvorleg tvil om Voss var i ferd med å venda ryggen til brua.

I dag klargjorde varaordførar Kjellaug Ekse Brekkhus at Senterpartiet framleis er for bru, også på Voss. Men dei er mot at kommunen tek på seg stadig fleire utlegg utan at finansieringa er sikra.

Senterpartiet ville ha slått fast at pengane skal takast av Kraftfondet. Dette er pengar som berre kan nyttast til å støtta lokalt næringsliv. Dermed vil ikkje Hardangerbrua reisa med pengar som trengst til drift av skular, eldreomsorg og andre kommunale tenester.

Dette framlegget leid eit knapt nederlag. Fleirtalet bestemte at finansieringa skal stå open. Klaus Skjeldal, Ap, kunne godt tenka seg at Kraftfondet vert ei viktig finansieringskjelde, men ville ikkje binda seg no.

Heile kommunestyret var samde om at det ikkje skal betalast ut eitt øre før Stortinget har vedteke at brua skal byggjast.

VOSS ER MED PÅ SPLEISELAG: Voss kommunestyre bestemte seg i dag for å yta sin skjerv på 6,6 millionar kroner i spleiselaget for Hardangerbrua.