— Det skulle berre mangla, seier ordførar Bjørn Christensen til Bergens Tidende.

Vosseordføraren hadde sett seg på fremste tilhøyrarbenk på det første opne styremøtet i helseføretaket. Med krosslagde armar kunne han sjå medlemene rett inn i kvitauget.

Pappa sitt livsverk

Den som heftigast talte Voss si sak var, ikkje uventa, styremedlem Peder Ringdal. Han lanserte eit framlegg der det blir slått fast at Voss skal ha eit fullverdig akuttilbod i kirurgi, medisin, gynekolgi og fødselshjelp, sju døger i veka, heilt til strukturelle endringar er politisk vedteke.

Ringdal ville med andre ord ha slutt på at direktøren gjer framlegg om å kutta i sjukehuset som faren hans bygde opp tidleg på 60-talet, kvar gong budsjettet ikkje går i hop.

— Det er ikkje meir enn eitt år sidan siste nedleggingsframlegg. Dette må ikkje bli ei årviss øving, sa Ringdal, og sa at sjukehuset på Voss brukar fem prosent av ressursane i Helse Bergen, men står for ti prosent av inntektene.

Dei andre i styret var langt på veg eining, men røysta mot framlegget frå Ringdal. Det ville «freda» ei avdeling i føretaket, utan ei vurdering av andre. Styremedlem Siri Hovde sa at styre og administrasjon ikkje har gått heilt i takt når eit framlegg om nedlegging av fødeavdeling på Voss kom no. Styreleiar Finn Strand presiserte at å røysta mot framlegget frå Ringdal ikkje var det same som å røysta for det motsette.

Meir til Vestlandet

Ordførar Bjørn Christensen seier til Bergens Tidende at det ikkje gjorde stor skade at framlegget leid nederlag, så klart som dei andre uttalte seg.

Han ser på kampen for meir rettvis fordeling av helsepengane mellom landsdelane som ei hovudoppgåve i tida framover. Elles vil trugsmål om innkreningar og nedleggingar bli eit årleg mareritt.

Nedlegginga på Voss skulle spara vel sju millionar kroner årleg. Det er om lag det same som kapitalkostnadene for den delen av det prosjekterte laboratoriebygget på Haukeland som ein enno ikkje veit kva skal brukast til. Planane vart godkjent som neste sak på møtet.