Voss-Oppheim for ein milliard

Voss har store voner til Nasjonal Transportplan. Først Vossapakko, og så ny stamveg til Oppheim for ein 1 milliard kroner.

hadde slege følgje med Stamvegutvalet for E16. Buss frå Bergen over Sogn og Valdres til Sandvika i Bærum. Og rundt omkring Voss skal milliardane trilla i åra som kjem.

Vossapakko, med tunnel bak Vangen og ny veg mot Granvin, kjem kanskje til Stortinget alt i haust. Litt uvisse ligg det over saka enno på grunn av sterk kostnadsauke.

Krav frå alle kantar
Neste storprosjekt er ny stamveg nordover frå Voss mot Vinje og Oppheim. Ein strekning på rundt 24 kilometer, og grovt kostnadsrekna til ein milliard kroner. I Voss kommune tek dei sikte på å vekta kommunedelplan for heile strekninga tidleg på nyåret 2009. Greier dei det, når dei kanskje så vidt å få omtale av prosjektet i Nasjonal Transportplan 2010-2019 som Stortinget skal vedta våren 2009.

Rudihagen, som sit i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite, kunne naturleg nok ikkje lova noko for den ko-mande Nasjonal Transportplan. Men også han har teke inn over seg krava som er reiste frå alle kantar om sterkare satsing på samferdsle.

– Eg er frå Gudbrandsdalen, og kjenner godt til den kritiske trafikkstoda på E6 gjennom dalen, seier han.

Mykje tungtrafikk
Litt av det same fekk Rudihagen sjå torsdag då Stamvegutvalet vart frakta med buss langs E16 frå Bergen til Fagernes. Strekninga frå Voss nordover forbi Skulestadmo mot Vinje og Oppheim har mange avkøyrsler og passerer gjennom fleire tun. Det var kanskje ikkje så farleg før Lærdalstunnelen vart bygt. Men tunnelen førde med seg ein kraftig auke i tungtra-fikken. No er nesten kvart 5. køyrety ein trailer, opplyste Jørgen Steensæth frå teknisk kontor i Voss kommune då han ori-enterte Stamvegutvalet om vegplanane.

Les også

Siste fra Lokalt

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Relaterte bilder

UTVAL PÅ TUR: Travle vegfolk heiv seg på telefonen så snart dei kom ut frå orienteringa på Park Hotel på Voss torsdag. I framgrunnen stortingsrepresentant Torstein Rudihagen, Ap, vidare mot høgre samferdslesjefen i Bergen, Ove Foldnes. Ytst til høgre ordførar i Voss, Gunn Berit Lunde Aarvik, Ap. Frå Voss gjekk turen vidare mot Lærdal og Valdres. FOTO: JOHN LINDEBOTTEN

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger