Det er statsvitaren Baard H. Borge som offentleggjer undersøkinga si i boka «De kalla oss nazi-yngel», med undertittelen «NS-barnas historie 1940-2002», som vert lansert på Samlagets pressekonferanse i Oslo i dag. 375 personar har svara på eit spørjeskjema med fleire hundre omfattande spørsmål om korleis det var å vekse opp med ein eller begge foreldra som medlemmer i Nasjonal Samling. Nokre av dei er også intervjua av Borge, som er bergensar med hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen.

Det er første gong det er gjort ein samla framstilling av den tabubelagte historia til dei rundt 100.000 NS-barna i Noreg. For å finne fram til dei måtte Borge bruke media aktivt og få informantane til å ta kontakt. Svært mange skjuler bakgrunnen sin ennå, nokre til og med for ektefelle og barn. Dei har dårleg erfaring med å vere NS-barn.

Vaksne stoppa ikkje plaging

— Seksti prosent av mitt utval fortel om problem i barndomen. Av dei eldste, fødd før krigen, vart tre av fire mobba. Plaginga skjedde særleg på skulane, og fordi NS stod så svakt i Noreg, var det nesten risikofritt. Foreldra kunne sende klagebrev til skulen, men det hjelpte ikkje, seier Borge. Mange av NS-barna hugsar at lærarane sjølv tok del i hetsen eller unnlet å gripe inn. Ein mann, som kallar krigsåra eit samanhengande helvete, fortel at han som skulegut vart angripe på veg heim frå skulen, bunde til eit tre og tvunge til å drikke urin frå ei flaske. Ein middelaldrande mann som passerte, let mobbarane halde på då han fekk vite at far til guten var nazist.

Isfront også mot NS-barn

Hjemmefronten oppfordra nordmenn til å isolere dei som stod på den galne sida, og for mange vart denne «isfronten» ein måte å vise si eiga gode nasjonale haldning, seier Borge, og heldt fram: - Det er framleis ei myte at nordmenn var heltemodige under krigen, men det er ei falsk oppfatning av røynda. Dei fleste hadde nok med sitt daglege strev, og mange var i ei gråsone mellom motstandskamp og samarbeid med okkupasjonsmakta. For desse vart det ei ekstra viktig symbolhandling å slutte å helse på NS-naboen. Men dette er ei patetisk, inga patriotisk handling, meiner Borge. Mange nekta også barna sine å leike med barn av NS-medlemmer.

— Folk følte eit mykje større hat til denne gruppa enn til tyskarar i Noreg, fordi dei var forrædarar, landssvikarar, seier Borge.

Etter krigen var det som om krigen verkeleg begynte for mange av NS-barna. Hatet blussa opp for alvor, og som vaksne vart det viktig for dei å byte namn eller flytte for å skjule fortida si, for slik å unngå vidare trakassering og diskriminering.

Bedt om å gå frå jobben i 1970

Kva familiar som hadde tilhøyrd NS, sat svært lenge som spikra i folks minne: - Førti år etter krigen kunne mest halvparten av dei spurde i ei undersøking namngi NS-medlemmer i sitt område, fortel Borge. Så seint som i 1970 vart ein mann beden om å seie opp jobben sin på grunn av farens NS-bakgrunn. Og då ei kvinne med foreldre i NS vart invitert til 50-årsjubileet for skuleklassen, melde fleire avbod til festen.

Demonisering av NS

Baard H. Borges mål med boka er å fjerne mystikken som han enno meiner kviler over NS.

— Det har vore ei demonisering av NS-medlemmer, dei har stått som symbol for vondskap og svik. Men det er snakk om heilt alminnelege, ofte kjende menneske i samfunnet vårt, seier han, og nemner at både ein svært kjend politikar, kjende kunstnarar og finansfolk er blant NS-barna som teier om bakgrunnen sin. Sjølv om svært mange av NS-barna er høgt utdanna og har klart seg godt i livet, har opplevingane ofte gått ut over den mentale helsa: Rundt ein av tre slit med angst og skamkjensle.

Bør få orsaking

— Statsminister Kjell Magne Bondevik må kome med ei uforbehalden orsaking til NS-barna for det dei vart utsette for. Alle visste kva som skjedde med dei, men ingen talsmenn for kyrkja eller styresmaktene tok dei i forsvar etter krigen, påpeikar Baard H. Borge. Han meiner dei hardast råka NS-barna også må få reist individuelle søksmål om erstatning.

TABU: Baard Borge vart kontakta av ein mann som vaks opp som NS-barn, og bad om å få vere med i spørjeundersøkinga hans. Men kona opna brevet med spørjeskjemaet, ringde Borge og skjelte han ut. - Det var som om eg hadde klaga mannen hennar for å vere pedofil, samanliknar Borge, som let som alt var ei misforståing. Mannen fekk ha løyndomen sin i fred.
FOTO: GIDSKE STARK