• Er dette regjeringa si endelege avgjerd, er eg utruleg skuffa, seier Fedje-aksjonen sin leiar, Marie Karlsen.

Det hjelpte lite med blomane Marie Karlsen gav statsminister Jens Stoltenberg i går. Tvert om — bodskapen hans på fylkesårsmøtet til Hordaland Ap var alt anna enn det Marie Karlsen og dei andre i Folkeaksjonen Hev Kvikksølvet i U-864 ved Fedje hadde håpt på førehand.

— Eg forstår ikkje kvifor dei har fått det så travelt. Det gjer meg mistenksam, seier Karlsen, og siktar til Stoltenberg si utsegn om at u-båtvraket bør dekkast til allereie i sommar.

Ho meiner Jens Stoltenberg har meir å lære om problema rundt kvikksølvvraket.

— Dersom han ikkje er open for ny dialog, så føler eg at han ikkje lyttar til kystfolket.

Dei eintydige råda statsministeren hevdar å ha fått, stiller Marie Karlsen seg uforståande til:

— Eg veit ikkje kva han meiner med det. Eg vel å tru at han vil lytte til ekspertisen som ligg på Vestlandet, og som seier at det er mogleg å fjerne kvikksølvet. Det er det óg andre som seier. Regjeringa kan ta seg tid til å lytte på all ekspertisen som finst i landet.

MØTTE STATSMINISTEREN: Marie Karlsen, leder av aksjonskomiteen, fikk vekslet noen ord med statsministeren i det han ankom Folkets Hus. Fra henne fikk han et kort, blomster og en klar melding. FOTO: ØYSTEIN ROLLAND, BTV