— Vi kjempar for å halda på dagens tilbod, som får oss frå Husnes til Bergen på to timar og fem minuttar for 190 kroner. Med det opplegget samferdsleutvalet gjekk inn for 19. februar, vil turen frå Husnes til Bergen ta to timar og 45 minuttar og kosta 330 kroner, seier talsmann for «Rutelaget», Svein Bergseth, til Bergens Tidende.

E' da løye

— E' da løye me kjempar for snøggbåten vår, spør «Rutelaget» i eit skriv dei har sendt til medlemmene av fylkesutvalet, som skal avgjera saka i dag.

I samferdsleutvalet var fleirtalet for Rosendal-Malkenes-Flesland-Bergen så knapt som råd, 8 mot 7 (Ap. H og utvalsleiaren Bente Bondhus, Sp). Men i Arbeidarpartiet leitar dei etter ei løysing som kan samla større fleirtal.

— Det er langt frå sikkert at det nye ruteopplegget vert nett slik samferdsleutvalet ville ha det for to veker sidan, seier medlem i fylkesutvalet, Hans Otto Robberstad, Ap, til Bergens Tidende.

Det kan godt henda at fråsegna frå formannskapet i Kvinnherad vert lagt til grunn. Der er snøggbåten oppom både Sunde, Herøysund og Rosendal før han stikk over fjorden mot Os.

Viktigaste grunnen til ynskjet om å flytta snøggbåten nordover i Kvinnherad, er omsynet til reisande frå indre Hardanger, som har fått nytt samband mot Kvinnherad og Bergen gjennom Folgefonntunnelen. Dinest er det sterke turistinteresser knytt til eit snøggbåtsamband mellom Bergen og Rosendal.

Mest kvardag

— Men i søre delen av Kvinnherad bur det 9 000 menneske. Dette er meir enn heile folketalet i Odda kommune, hevdar Svein Bergseth.

— Her er det to prinsipp vi må fylgja, seier Hans Otto Robberstad. - Vi må letta kvardagslivet til folk som skal til arbeid eller skule, og vi vil gjerne støtta turismen. Men vi må nok innsjå at i eit ruteopplegg er det mest kvardagar.

Viktig for flybussen

Os-ordførar Terje Søviknes er naturleg nok tilhengjar av at Kvinnherad-ruta har endestogg i Os, med buss vidare til Bergen.

— Det er rett nok ikkje så mange fastbuande frå Os som tek snøggbåten, men vi har store reiselivsbedrifter som har interesse av eit snøgt båtsamband til Kvinnherad. Det er også oppretta flybussrute mellom Os og Flesland. I dag korresponderer denne ruta med snøggbåten. Ein god del av driftsgrunnlaget for flybussen vil falla bort dersom snøggbåten kuttar ut Os og går heilt til Bergen, seier Terje Søviknes.