I fjor sommar kunne BT fortelja om forfall. Oppsynsmannsbustaden på øya, som kong Harald i 1991 gav til Tysnes kommune, var ille prega av hærverk og vandalisme.

No ser det litt lysare ut for dette vakre friluftsområdet like ved Godøysund.

— Vi har fått tilsegn om eit lån på 100.000 kroner til å setja i stand huset for, seier Norolf Henriksen. Han har teke initiativ til å stifta eit venelag for øya. Førebels er det ein fem-mann-sterk arbeidskomité som har arbeidd med saka.

Vandalisme

— Huset er bygningsmessig ganske bra, men prega av vandalisme. Vi har vore på synfaring og trur at pengane vil rekke til å setja det i stand, seier Henriksen.

I desse dagar går det ut innbyding til å bli med i venelaget. 900 kroner, eller to dagars dugnadsinnsats, blir prisen for fem års medlemskap. Eit samrøystes formannskap har gått inn for å garantera for lånet på 100.000 kroner. Saka skal også opp i kommunestyret i Tysnes, men Henriksen reknar med positiv vedtak der og.

— Vi har enno ikkje ein klår avtale med kommunen om å få disponera huset og området rundt, men vonar at det skal gå i orden.

— Korleis ser du for deg at eigedomen kan brukast?

— Huset kan leigast ut og nyttast til samlingsplass og arrangement, seier Henriksen.

Han har tru på at venelaget kan betala ned lånet ved hjelp av leigeinntekter når huset er istandsett.

Samarbeid

— Vi gjer dette arbeidet i forståing og samarbeid med Bergen og omland friluftsråd, seier han.

Henriksen vil ikkje klandra Tysnes kommune for at kongsgåva er vanskjøtt:

— Kommunen har arbeidd i motvind. Straks øya vart kommunal forsvann respekten, og då tok vandalismen til. Så lenge det var kongen sin eigedom var området omgitt av ein veldig respekt, og det fekk alltid stå i fred. Vi vonar at vi ved eit forsvarleg opplegg kan få tilbake respekten for området, seier Norolf Henriksen. Alt no til sommarsesongen vil Solstråleøya få skilt som fortel om øyas historie som kongeleg eigedom.