Fjordane tingrett har dømt ein polsk mann (34) til fengsel på vilkår i 30 dagar for vald mot sambuaren. I tillegg må han betale 4.000 kroner I bot.

To veker før episoden var han innlagt på Førde sentralsjukehus med akutt alkoholforgifting.

Kan drepe

Ifølgje dommen var alkoholkonsentrasjonen i blodet då på 5,1 promille. Ein så sterk rus er i mange tilfelle dødeleg.

Sjølve episoden han no er dømt for skjedde eit par veker seinare, då sambuaren gøymde lommeboka hans, for å hindre han i å bruke meir pengar på alkohol. Mannen hadde då drukke tett i tre-fire dagar.

Retten finn det prova at han inne i parets husvære vart aggressiv og skubba henne med begge hender, tok tak i håret hennar og drog henne ned på bakken. Medan fornærma låg på golvet sparka han henne fleire gonger i ryggen.

Angrar

I formildande retning legg retten vekt på at tiltalte viser oppriktig anger, og at han no har tatt tak i alkoholproblemet sitt for å unngå liknande episodar. Retten skildrar det som ei eingongshending, og legg også vekt på at paret framleis bur saman og begge ønskjer å halde fram samlivet.

Ifølgje den samrøystes dommen må domfelte og fornærma også gjennomføre eit meklingsmøte i konfliktrådet i løpet av den toårige prøvetida for fengselsstraffa.