– Ei fantastisk utvikling, sa politimeister Kaare Songstad om nedgangen i talet på brotsverk i Sunnhordland og Nord-Rogaland då han i dag presenterte kriminalstatistikken for 2008.

– Nedgangen har vart heilt sidan 2003, sa Songstad.

Talet på brotsverk gjekk ned med 11,7 prosent frå 2007 til 2008, nedgangen var på 6,9 prosent for mindre lovbrot.

I tillegg er det urovekkjande omfanget av valdstilfelle i Haugesund merkbart redusert.

Lågare kriminell aktivitet, saman med solid jobbing av dei påtaleansvarlege, førte dessutan til at politidistriktet fekk redusert kraftig talet på eldre straffesaker.

Lønsaksjon bremsar

Eit skår i gleda er det at saker på ny er i ferd med å hopa seg opp etterforskingsmessig. Årsaka er lønsaksjonen som framleis pågår blant polititenestemenn, forklara Kaare Songstad.

Aksjonen har også gått ut over køyretøykontrollen og etterforskinga av alvorlege narkotikasaker, ifølgje Songstad.

Den bergenske politimeisteren i Haugesund er spent på kriminalitetsutviklinga i 2009, når den økonomiske krisa slår sterkare inn. Den kriminelle aktiviteten er generelt høgare i dårlege tider enn når det er høgkonjunktur i samfunnet, påpeikar Songstad.

Kaare Songstad trur på fleire politistillingar frå 2010, blant anna som følgje av dei auka kulla på Politihøgskolen. Fleire tenestemenn vil det óg bli behov for i framtida, seier han. Blant anna krev det sterkt aukande talet på utenlandske statsborgarar større politiinnsats.

OVE OLDERKJÆR