Ein kvinneleg passasjer frå Litauen vart lettare skadd då bremsane på vogntoget svikta på veg ned Austmannalia i Odda kommune i går kveld. Ho vart utskriven frå Odda sjukehus seinare på kvelden.

— Vi fekk melding om trafikkulukka klokka 19.10 i går kveld. Truleg har bremsane på vogntoget svikta. Det velta og havna utfor vegen. Vogntoget fekk store materielle skadar og vert neppe køyrbart igjen, seier politiførstebetjent Svein Buer ved Odda politistasjon til bt.no.

Lasta, som var trådrullar til eit spinneri på Karmøy, vart ikkje øydelagt i velten.