— Vegen vart stengt klokka13.58, og det er ein del køar begge vegar på E 16, seier vaktoperatør Trond Skeide i Statens vegvesen til bt.no.

— Det vi veit er at det er eit utanlandsk vogntog som sperrer vegen. Det er mildt. Vi må nok sjekka dekka på vogntoget, for dette er eit føre ein burde klara å føta seg på, seier lensmann Kåre Rykkje på Voss til bt.no.

Det sto lange køar begge vegar, seier folk i køane til bt.no.

— Vogntoget har køyrd i retning Voss. I ein sving køyrde vogntoget med nasen rett inn i ei snøfonn. Heile førarhuset stod utanfor vegen, medan bakdelen gjekk vidare og vart vridd i høve til førarhuset, fortel Espen Vindheim, som er på staden til bt.no.

Det skal vera glatt på vegen utanom køyresporene.

Sjå dei siste vegmeldingane frå Statens vegvesen her på bt.no.

SPERRAR E16 VED TVINDE: Dette nederlandske vogtoget sperrar E16.
ESPEN VINDHEIM
ESPEN VINDHEIM