— Vi fekk hjelp av vegvesenet sin ulykkeskommisjon, og dei kjem med sin rapport seinare, seier lensmann i Jondal Øystein Torsnes.

— Veit de om ulykkesbilen heldt høg fart?

— Det er for tidleg å seia noko sikkert om, men det er klart at når ein bil ser slik ut, så har det ikkje akkurat gått seint, seier Torsnes.

Etterforskinga held fram i dag med vitneavhøyr.

Politiet skal også avhøyra dei tre som overlevde ulykka, men det er ikkje klart om dei er i stand til å snakka med politiet måndag.