På fredag var det Torjus Børsheim, Ulvik , i klassisk sprint — i dag var det Sjur Røthe, Voss som slo til med eit solid og godt skøyterenn i 30 km fellestart der han til slutt vart nr 5 totalt i senior og enda på 2.plass i U23 NM . Sjur var aktiv i feltet heile tida og viste med resultatet at han høyrer til mellom dei fremste unge skøytetalenta Norge bør satsa på.

Denne helga viste førsteårsseniorane frå Hordaland med kvar si sølvmedalje i U23 NM i Harstad at kretslaget til Hordaland kan hevda seg både i sprint og på lange distansar.

LOVANDE: Sjur Røthe slo til med ein knallsterk 30 km.
Privat