Godt over 20 elevar hadde tatt oppstilling ved internatbygningen på folkehøgskulen ved middagstider i går. Stille stod dei og venta. Då den døde jenta vart ført ut frå internatet på båre, var reaksjonane svært sterke. Fleire gret openlyst då medeleven blei boren frå inngangspartiet og fram til ein ventande bårebil.

Kriseteam

— Vi har hatt svært mange og ulike reaksjonar. Elevane har reagert både med sjokk og sorg, seier rektor Frode Hjort-Larsen.

Berre ein halvtimes tid etter at jenta vart funnen død torsdag kveld, var eit kriseteam på plass på skulen.

— Vi skjønte raskt at det var nødvendig med hjelp utanfrå, seier rektoren.

Torsdag kveld konsentrerte kriseteamet seg om næraste venene til jenta.

I ni-tida om kvelden blei alle elevane samla i peisestova på skulen. Der blei det informert om det som hadde skjedd.

— Alle lærarane og ein stor del av personalet elles ved skulen var då til stades. Etterpå fordelte vi dei tilsette på samtalegrupper med elevane. Også prest og diakon tok del i sorgarbeidet torsdag kveld.

Overnatta saman

I følgje rektoren valde fleire av elevane å overnatte i peisestova på skulen natt til fredag.

— Vi har sett det som veldig viktig at dei ikkje blir overlate til seg sjølve, fortel Hjort-Larsen.

I går samla skulen alle elevane til felles frukost. Nokre timar seinare blei det halde eit informasjonsmøte der også politiet tok del.

I eitt-tida i går var det så minnestund på skulen. Minnestunda var lukka, og berre elevar, tilsette og ein prest var til stades.

— Vi har valt å skjerme elevane mest mogleg, seier rektoren. Han valde i går å avvise førespurnader frå media om å få snakke med elevar.

Sterk oppleving

Rektor Hjort-Larsen karakteriserer minnestunda som ei sterk oppleving.

— Ei slik stund vekkjer mange kjensler, seier han.

På minnestunda blei det spelt klassisk musikk. Inspektøren ved skulen heldt ein minnetale, før elevar og lærarar song «Gje meg handa di, ven», ein tekst om å ta vare på kvarandre. Deretter sa presten i Sogndal nokre ord, før elevane fekk gå fram og tenne eit lys ved eit foto av den avlidne medeleven. Skulen hadde også lagt fram ei minnebok der elevar og tilsette kan få skrive ei siste helsing.

— Mitt inntrykk er at 19-åringen var godt likt på skulen. Ho bidrog på ein positiv måte i miljøet, seier rektoren.

VOND DAG: Medelevane til den 19 år gamle jenta som vart funne død på Sogndal Folkehøgskule torsdag søkte tett saman og trøysta kvarandre i går..