På same tid som Ese onsdag proklamerte sin avgang som politimeister i Sogn og Fjordane, gav arbeidstakarorganisasjonane og politileiinga i Florø uttrykk for at Ese alltid har framstått med «stor integritet og ærlegdom».

Bladet Politiforum kjem neste veke på gata med ein annan versjon av saka:

— Kjell Ese tok ikkje sitt ansvar før han måtte gjere det, seier redaktøren i bladet, Ole Martin Mortvedt.

Visste at saka sprang

Politiforum er medlemsblad for Politiets Fellesforbund, som blant anna organiserer dei politibetjentane som varsla om at politimeisteren var merkbart rusa på vakt natt til 27. mai i år.

Neste veke kjem bladet med ein artikkel om saka, noko politimeister Kjell Ese var klar over da han gjekk ut og varsla sin avgang.

Redaktør Mortvedt opplyser at dei kontakta Ese den 16. november, i samband med ein kommande artikkel. Ei veke seinare bad Ese om avskil i nåde. Da hadde Spesialeininga etterforska politimeisteren sidan midten av juni.

— Eg stilte Ese konkrete spørsmål om saka. Han bad om å få dei skriftleg, og det fekk han, fortel Mortvedt.

Påstår dekkoperasjon

— Svarte Ese på spørsmåla?

— Vi fekk eit svar, men det kom gjennom administrasjonssjefen ved politidistriktet.

— Så Ese valde å gå av først etter at han visste at saka kom til å bli kjent gjennom ditt blad?

  • Eg konstaterer at Ese bad om avskil berre sju dagar etter at han fekk våre spørsmål, seier redaktøren.

Ese skal i kring ei veke etter episoden ha nekta for å ha vore rusa i tenesta. Den kommande utgåva av medlemsbladet skal mellom anna innehalde påstandar om forsøk på ein dekkoperasjon etter 27. mai, men at dette ikkje lukkast.

— Eg vel å ikkje kommentere dette akkurat no, seier Mortvedt, som er ute med neste nummer i neste veke.

Laila Irene Borge som er lokaltillitsvald for Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, opplyser at ho ikkje har kjennskap til det som kjem i bladet «Politiforum».

— Eg kjenner ikkje til at det har vore nokon dekkoperasjon, seier ho. Ut over dette ønskjer ho ikkje å kommentere saka.

- Belastning å varsle

Redaktøren i Politiforum stiller også spørsmål ved kvifor ikkje leiinga i politidirektoratet greip inn og suspenderte den rusmistenkte politimeisteren.

— Det vi i alle fall veit, er at ein vanleg polititenestemann i same situasjon straks ville blitt suspendert av sin politimeister, seier Mortvedt.

Han minner om den store belastninga det er å varsle om ei slik sak.

— Desse tenestemennene stod framfor alvorlege avhøyr hjå Spesialeininga. Ein kan tenke seg belastninga det har vore å stå overfor ein autoritet som politimeisteren, og så oppleve at han får halde fram i jobben trass i dei alvorlege skuldingane.

Killengren og Ese tause

Bergens Tidende ønskte i går å stille politidirektør Ingelin Killengren spørsmål om kvifor Ese ikkje vart tatt ut av teneste, særleg ut frå omsynet til dei underordna som tok belastninga med å varsle om saka.

— Politidirektøren har gjeve veldig klar beskjed om at ho ikkje svarer på fleire spørsmål før saka er ferdig etterforskinga, seier pressevakt Vemund Aabø ved politidirektørens kontor.

— Slik som situasjonen framsto, var det ikkje grunnlag for å ta Ese ut av teneste, seier Killengreen via pressevakten.

Politimeister Kjell Ese er formelt ute i sjukmelding. Heller ikkje han ønskte i går å kommentere dei nye opplysningane i saka. Ese viser til pressemeldinga han sende ut onsdag ettermiddag, og seier han ikkje har kommentarar ut over dette.

Knudsen, Anders Marius