Psykologspesialist Jakob Inge Kristoffersen gav bistand til redningsmannskap like etter Måbødalsulykka. Ei spørjeundersøking tretten månadar seinare viste at dei færraste hadde alvorlege etterreaksjonar.

– Dei aller fleste klarte seg bra over tid. Fleirtalet var ferdige med hendinga, men gløymer aldri det som skjedde, seier Kristoffersen, som arbeider ved Senter for krisepsykologi.

Debrifing like etterpå

Måbødalsulykka var den andre store ulykka som det den gongen nyetablerte senteret var involert i. Den første var Brønnøysundulykka i mai same året.

– Dette var ein av dei første gongene det vart arrangert psykologisk debreifing gruppevis, der redningspersonell som deltar, får snakke om det som har skjedd. I dag er dette ein mykje brukt metode. Får folk bistand nokså umiddelbart, klarar ein å redusere normale etterreaksjonar og få til raskare normalisering, forklarar Kristoffersen.

Undersøkingar etter Åsta-ulykka i 2000 konkluderte på same måte. Men det er gjort svært få studier om kva som skjer med lokalsamfunn som blir ramma av store ulykker. Det vesle som finst av forsking, viser større utryggheit og sjukelegheit i ein periode etterpå.

– Men samfunn kan også vekse på det som har skjedd. Samhaldet blir større, felleskapen viktigare, så slike hendingar er ikkje nødvendigvis negative.

– Ulykke som kan ramme alle

Kristoffersen har vore involvert i flyulykkene på Svalbard og Stord, Åsta— ulykka, Sleipner-forliset, Nokas-ranet g gisselaksjonen på Torp. Det spesielle med Måbødalsulykka, seier han, er at dei fleste omkomne var barn.

– Når barn er offer, gjer det noko med oss alle saman. Dessutan var det ein type ulykke som kan ramme oss alle.

– Lækjer tida alle sår?

– Nei. Visse ting du opplever, kjem du aldri over, men du kan lære å leve med det. Det veit til dømes dei som mister eit barn.