I FLEIRE REPORTASJAR det siste året har BT-bilaget Hus og hjem fortalt om byutvikling blant anna i Malmø, Gøteborg, Stockholm og Trondheim, byar det er naturleg for Bergen å samanlikna seg med.

I desse dagar, når fleire stiller spørsmålsteikn ved Bergen sin måte å driva byutvikling på, kan det vera på sin plass å minna om dei metodane og dei erfaringane som andre byutviklarar har å visa til.

BOB-DIREKTØR og KrF-politikar Terje Gilje meiner manglande utvikling og nyskaping i Bergen skuldast ein systemfeil. Han meiner problemet er akutt og at byen har hastverk med å koma ut or bakleksa. Gilje etterlyser mellom anna ein organisasjon som kan losa større prosjekt gjennom systemet på ein slik måte at dei kjem byen til gode. Han etterlyser ein ny komite med fagkunnskap og interesse for byutvikling.

Johan Fredrik Kroepelien slår fast at kommunen ikkje klarer få orden på Torget. Ordførarkandidat Ruth Grung frå Arbeidarpartiet meiner Bergen treng internasjonal naudhjelp for å få fart på byutviklinga.

Det siste synest Kristian Helland (KrF) er eit dumt framlegg, og viser til at no skjer det store ting blant anna på Damsgård.

MANGE VIL MEINA at det faktisk ikkje er Bergen kommune å takka at spenstige ting er på beddingen ved Damsgårdssundet, og at ei spanande byutvikling er i gang der fordi Terje Gilje og BOB nettopp har henta inspirasjon og kompetanse i utlandet, først og fremst hos byutviklarar i Sverige. Bergen kommune sitt bidrag til Damsgårdssundet er ein rigid reguleringsplan som hemmar kreativitet og som no må endrast for at det skal vera mogeleg å byggja ein attraktiv ny bydel. Kommunen trekte seg tidleg ut or arbeidsgruppa som planla den nye bydelen.

BOB LET SEG BEGEISTRA av korleis svenskane har utvikla Hammarby Sjøstad i Stockholm og dei knytte til seg arkitekt Mads Egelius, som har erfaring med bybygging blant anna i Stockholm, Malmø og Gøteborg.

Inspirert av arbeidsmetodar der, inviterte BOB blant anna fem arkitektkontor med på diskusjonen om korleis byggja den nye bydelen. Egelius blei den naturlege leiaren av denne arkitektgruppa. Han, som no kjenner Bergen, burde også bli invitert med i ressursgruppa til Ruth Grung.

Ho burde også gripa fatt i Christer Larsson, direktøren ved byplankontoret i Malmø. Ein liten mann med store visjonar og ei stø hand på rattet ved Øresund. Under utviklinga av Vastra Hamnen, ein ny bydel for bustad, universitet, teknologi og innovasjon, har Larsson og arkitekt Klas Thams hatt fullmakt til å godkjenna nye prosjekt over bordet. Berre når dei seier nei, går saka til bygningsrådet. I botnen for denne måten å styra på, ligg ein klar visjon og semje om kva kvalitetskrav som gjeld.

Grung burde også oppretta kontakt med Joan Busquets, sjefarkitekt for bytransformasjon i Barcelona.

I DEI SVENSKE kystbyane har dei gjort det til ein vane å trekkja med dei ulike aktørane tidleg i prosessen. Kommunen har hatt ein klar og tydeleg vilje til styring, samt evne til dialog. Utbyggjarane har sett verdien av å jenka seg, dei har sett at høg kvalitet løner seg på sikt.

ARBEIDET med den nye bydelen i Malmø starta i 1996. Ti år seinare budde 2000 menneske i Vastra Hamnen, 8000 hadde arbeidet sitt der, 20.000 studerte der. Og utbygginga held fram.

I Gøteborg fekk kommunen hand om Norra Alvstranden, der det gamle Gøtaverftet låg, i 1996. Eit utviklingsselskap fekk i oppdrag å byggja ein ny by utan at det kosta skattebetalarane noko. Selskapet let politikarane bestemma og investorane betala. På vel ti år har det skjedd store ting også der. Mange tusen menneske bur no i bydelen, universitet og høgskular er på plass, det same er Ericsson og Sveriges Radio og Televisjon.

KVA HAR SKJEDD i Bergen på dei same ti-tolv åra? Vi har fått blokkbyen Sandviken Brygge, eit bumiljø som aldri vil bli prisa og premiert. Kommunen har medverka til bustadbygging i staden for sentrumsfornying på Nedre Nygård. Den solrike stranda på det tidlegare verftsområdet mellom Møhlenpris og Marineholmen er regulert til kontor i staden for til bustader. Jonsvollskvartalet forfall og blei rive. Torget har gått i hundane og dei som framleis drøymer om eit triveleg lokalsenter i Åsane, må visst drøyma evig.

BERGEN er byen som heile tida inviterer til arkitektkonkurransar om prosjekt det aldri blir noko av.

Arkitektar klagar over at kommunen ikkje gjer seg bruk av kompetansen deira. NYLEG vedtok bystyret den nye arealplanen for Bergen by. Verdien av den ligg i viljen til å bruka planen som styringsreiskap. Kva hjelper det med ein god plan for utvikling av området rundt Store Lungegårdsvann om ikkje planen vert teken til følgje? Kva kvalitet vert det på fortettinga langs bybanen om ikkje kommunen set arkitektar i arbeid med å planleggja ei heilskapleg utvikling av dei nye lokalsentra? Blir det opp til private utbyggjarar, må det bli stykkevis og delt. Det er nettopp dette kritikarane av byutviklinga vil bort ifrå. Det er ein vilje til handling, styring og heilskap dei etterlyser.

Det er ingen dum ide å henta lærdom hos dei som har vellukka resultat å visa til. Det er verre å vera seg sjølv nok.

Enig med Eva Røyrane? Diskutér her!