— Dette er eit klart brot på lova, seier informasjonssjef Hege Njaa Rygh i Datatilsynet.

Det er NRK Sogn og Fjordane som har sjekka nettstadane til seks ulike utestader i fylket. Alle har fotoalbum med bilete av meir eller mindre fulle gjester. Her finst eit rikt utval av gjester som drikk, kliner eller ser på damer som stripper.

Fleire av personane på bilda går lett an å kjenne att. Datatilsynet har også registrert at utestader andre stader i landet legg ut foto av gjestene, utan at dei er spurde på førehand.

— Dette er alvorlege overtramp, seier informasjonssjef Hege Njaa Rygh.