Virusinfeksjonen hand-, fot— og munnsjukdom har siste veka spreidd seg i fleire barnehagar. Også andre stader på Vestlandet skal viruset ha slått til.

— For dei ungane som blir hardast ramma med mange blemmer, ser det ganske ille ut. Men dette er ein sjukdom det er lite grunn til å uro seg for, seier smittevernlege i Bergen, Øystein Søbstad.

Ein av barnehagane der viruset har slått til er Blokksberg i Ytre Sandviken, ein av barnehagane til Studentsamskipnaden i Bergen. Meir enn kvar fjerde unge har vore vekke dei siste dagane.

— Vi hadde første tilfellet førre fredag. Etter det har ganske mange vore borte. Dei fleste kjem tilbake etter ein dag eller to, seier styrar Katharina Søreide.

Dei som blir smitta kan få utslett i og rundt munnen, på hender, føter og i lysken. Det kan følgje med feber. Ungar som får utslett i munnen, misser også matlysta.

— Enkelte born har fått det ganske hardt, og vi har hatt foreldre som er blitt engstelege. På andre gjev det seg derimot utslag i berre nokre utslett i handa, fortel Søreide.

Sjukdomen førekjem først og fremst hos born under ti år. Viruset smittar svært lett, og kan opptre som mindre epidemiar. Det er ikkje uvanleg at alle ungane i eit miljø, til dels ein barnehage, får sjukdomen. Dei som har hatt sjukdomen blir immune mot seinare angrep.

— Vi høyrer at barnehagar i Åsane er ramma. Også i Florø skal det ha vore utbrot, fortel barnehagestyraren.

Ifølgje smittevernlegen i Bergen kommune er denne virusinfeksjonen ikkje noko ukjent fenomen. Sjukdomen er ufarleg. Men blemmene kan vere ømme, dei kan sprekke og lage sår. For dei som får feber, går denne som regel over etter to til fire dagar.

— Sidan dette er eit virus, er det ikkje noko behandling. Dette er ein virusinfeksjon som kjem att med jamne mellomrom. Det går gjerne eit par år mellom kvar gong vi har utbrot i eit område, seier Søbstad.

Har du eller barna dine fått sjukdomen? Skriv gjerne ein liten rapport i feltet under!

Wikimedia og amerikanske helsemyndigheter