Attmed det staselege gamle eldhuset til Lars Nå på Nå i Hardanger er det sett opp ein kompakt meteorologisk stasjon med mobiltelefonsamband til forskarmiljøet rundt Landbrukshøgskulen på Ås. Der produserer datamaskinene varsel om sprøyting i frukthagane og legg det automatisk ut på internettsidene www.vips-landbruk.no.

Den som ikkje sit framfor ei datamaskin støtt og stadig, kan få varsel som SMS-melding på mobiltelefonen.

— Vi sprøyter epletrea langt mindre enn før. Mellom 70 og 80 prosent av den sprøytinga som no er vanleg, er mot skurv. Unngår ein unødig sprøyting, vil det slå veldig positivt ut, seier Lars J. Nå til Bergens Tidende.

Skurv er ein sopp som overvintrar på lauv som blir liggjande på bakken. Når det var vore varmt og turt passeleg lenge, og det tek til å regna, vil regndropane virvla sporar frå soppen opp i treet att.

Det beste, økologisk, er å raka bort alt lauvet, eller få det til å rotna tidleg. Slikt let seg ikkje gjennomføra alle stader i brattlendte Hardanger, og soppen må nedkjempast kjemisk.

— Førebyggande sprøyting er betre enn kurativ, seier forskar Gunhild Jaastad ved Planteforsk Ullensvang.

Eit ufarleg sprøytemiddel hindrar sporane i å festa seg på knoppane, men har kort verknadstid, og kan ha mist verknaden når regnet kjem. Då må kraftigare lut til for å ta knekken på sporar som alt har festa seg.

Sprøytevarslinga omfattar også epleviklar og rognebærmøll.

Forskarane får lokale data frå forsøksringane. I Hardanger står ringleiar Jan Ove Nes sentralt.

Varslinga inngår i eit landsomfattande prosjekt der også kornbøndene vert varsla om fare for mjøldogg, grå øyeflekk og kveiteaksprikk. Grønsakdyrkarane får varsel om potettørråte, kålfluge, gulrotfluge og kålfly.