Med ull og vann kan barna laga kjekke ting som dei får ta med seg heim. Dei kan også vera med på omvising i den gamle fabrikken. Dei får sjå strikkemaskinane strikka og maskinar som karder ull. Om dei vil kan dei prøve handstrikkemaskinane og strikka seg eit armband som dei kan få med seg heim. Det er ikkje vanskeleg, snurr i veg!

I kafeen sel me nysteikte vaflar, heimelaga kake, baguettar, pai og pizzahorn.

Barn kr 20,-, vaksne kr 50,-/30,-

Ope 11.00 — 15.00

LES MER OM NORSK TRIKOTASJEMUSEUM

Salhusvegen 201, kun 8 min. frå IKEA.

Foto: Norsk Trikotasjemuseum
Foto: Norsk Trikotasjemuseum